Hva leter du etter?
Portrett av Tore Renberg i svart/hvitt

Tore Renberg: "Litteraturen skal vere underhaldande."

Tore Renberg har alltid stått i eit kjempande førehald til store delar av modernismen.

Når landet feirar Alexander Kiellands 175-årsjubileum i 2024, er det naturleg å sjå på arven etter han og andre forfattarar frå fylket.

Jan Inge Sørbø er litteraturvitar, forfattar og journalist frå Bru i Ryfylke. Han er professor ved Institutt for sosialfag, Høgskulen i Volda, og har skrive bøker i fleire sjangrar.

I 2023 intervjua han ei rekkje forfattarar frå Rogaland, om korleis dei ser på sin eigen forfattarskap.

Kva var viktige lesingar og impulsar tidleg i livet ditt, før du gav ut di første bok? Har dei rogalandske klassikarane, til dømes Arne Garborg, Alexander Kielland og Sigbjørn Obstfelder, hatt noko å seia for deg? Kva slags rolle spela oppvekstmiljøet og staden du kom frå? Kven var viktige i tida då du debuterte? Er det andre viktige impulsar du vil nemna?

- Eg kjem frå ein heim som kan kallast bokleg, farssida mi er full av lærarar og trassige individualistar, medan morssida mi er tung med religiøse dissidentar, og disse folka er også lesarar.

Desse omgjevnadane gjorde at eg var så heldig å vekse opp i ein heim med ei mor som las Dostojevskij og Agatha Christie og Woodehouse, alt etter årstid og kor ho var i livet, og ein far som eigde både Hamsuns samla verker og antroposofiske skrifter etter far sin og onkelen sin, og pappa passa alltid på å late som om han las desse bøkene, men sanninga var at han drakk opp livet sitt.

Desse omgjevnadane, ein krevjande barndom og eit lyst og nysgjerrig sinn, samt all høgtlesinga til mor mi frå Asbjørnsen og Moe, gjorde meg til lesar. Ein favoritt frå den tidlige tida var Thorbjørn Egners Da Per var ku, ein annan Den lille larven aldrimett, og rundt 10-11 år las eg mykje god serielitteratur, De Fem, Frøken Detektiv, Davy Crockett, og desse fantastiske Historien om-bøkene - og ikkje minst boka eg i dag minnest som mi første verkeleg skjelsetjande oppleving, eg gret nesten når eg må skrive tittelen, Ulvehunden, Jack London, då var eg 11 og eit halvt år, altså 1983, altså Falklandskrig og Gro og Kåre og Åge Aleksandersen, eg meiner bestemd eg fekk boka til jul av dei religiøse besteforeldra mine, og eg meiner like bestemd at eg las ho på to-tre dagar i romjula, eg kan hugse snø.

I denne tida må eg skunde å leggje til at eg var så heldig å vekse opp i ei tid med mykje god dialektrock, ikkje minst mine lokale heltar, Stavangerensemblet, med tekstar av Tang Wa og Roaldkvam, og Mods, eg er ikkje i tvil om at dette lokale trykket har vore med på å skape meg.

Då eg sparka av meg barnesko og tråkka ned i ungdomsboots, kom så ein ny lesefase, eg var blitt i stand til å ta inn større tekstmengder og eg ønska berre meir, eg trong også å lausrive meg frå det eg no tenkte som barnsleg, så no gjekk det i slikt som Hobitten, Ringenes Herre, Narnia-bøkene, og Pakkis, som alle las den gong, mor mi sine Christie og Woodehouse-romanar, og Michael Endes Momo, som var ein favoritt.

Og så small det for meg, tidleg i 1987. Pappa var blitt litt av ein rise denne vinteren, han må ha vore i ei tung livskrise, jamnt og trutt bygd opp sidan 1950-talet, og no drakk han som nær sagt besatt, og då fekk eg sjå villskapen, så at eg fann både gjenklang og frelse i Forbrytelse og straff, som eg fann i hylla til mamma, det trur eg ein kan skjøne; alle Dostojevskij-karakterar er jo som mannfolka på farssida mi, villdyr.

Så no var eg døypt i den svære litteraturens fontene. Svelten sikla i meg og eg las, fleire russarar, meir Dostojevskij, eg skreiv særemne om han i åttande, Dickens, mine heimlege legendar, Obstfelder, Kielland, eg skreiv særemne om han i niande, eg var forelska i Rachel Garman og alt eg no ville, skreiv eg i dagboka, var ikkje å bli rockestjerne som heltane mine Ray Davies, Michael Stipe, Morrissey, Bowie, Robert Smith, Siouxsie, Billy Bragg, ein kan sjå kor tunge desse tekstforfattarane var for meg og kor sterkt dei prega meg, både dei nostalgiske - t.d. Davies - dei politiske - t.d. Bragg - dei sensuelle - t.d. Morrissey - og dei mystisk-poetiske - t.d. Stipe - og ein kan nok få auge på ein klar britisk influens; eg er vestlending og stolt av det; vi er vende vestover.

Ja, kva no? Åttiåra er på hell, kva skjer? Eg sit og skriv etter skuletid, stort sett dikt, eg famlar rundt etter diktbøker, eg forstår meg sjølv som lyrikar no, og eg forstår heldigvis tidleg at å skrive er å lese, at ingen gode forfattarar kjem om ein ikkje les, og no går det i dei norske klassikarane, Astrid Hjertenæs Andersen, Rolf Jacobsen, ekteparet på Midtbøe, frukttrerøktaren frå Sogn, og det går i nyare saker, naturlyttaren frå Ogna, og ikkje minst trikkeføraren frå Oslo, som eg ville vore innmeldt i fanklubben til anno 1988, om han no hadde hatt ein, En som het Abel Ek, fytti katta som eg elska den boka, og desse cd-ane hans, poesiens song!

Lars_Saabye_Christensen_Foto_Magnus_Stivi

Og her kom gymnas-åra, eg gjekk på Kongsgård og her traff eg likesinna, det viste seg å finnast fleire svoltne som eg i denne vesle tullebyen folk hadde byrja å kalle oljebyen, og på terskelen til jernteppets fall sat vi, kamerat Myhre og 6-7 andre radissar på kafé i storefri og diskuterte Fløgstad, Solstad, Kjærstad, Tove Nilsen, Bjørg Vik, Collett, Roy Jacobsen, Ambjørnsen, Lars Saabye (biletet over), Hamsun, Obstfelder, Vesaas, Kielland, og snart kom nokon av oss og feia golvet med Kafka, Allende, Borges og Tor Ulven og vips, kor blei barneåra av, var denne høgtropande hopen reist til Bergen og mange av dei meldte seg opp til litteraturvitenskap og eg var ein av dei.

Mrs. Dalloway av Virginia Woolf forside

Eg las Homer og Cervantes og Woolf og ein bråte litteraturteori, og eg fekk ein like litteraturetande bestekompis som meg sjølv, Karl Ove Knausgård, vi satt på Verftet og parallell-las På sporet av den tapte tid og vi meldte bøker og skreiv i Morgenbladet og Studvest og Vinduet, og på kveldane satt eg og skreiv, skreiv, eg skreiv romanar no, eg sende til forlaga som eg hadde gjort i fleire år, mislukka bøker, kven skulle eg vere i den litterære folkemengda, og så ein dag, tungt inspirert av Tor Ulvens Fortæring frå 1991, forsto eg at det var kortprosaforfattar eg var og der byrja arbeidet som ledde til debutboka mi, Sovende floke, i 1995.

Er det forfattarar eller stilar du ikkje hadde lyst likna på?

-Eg opplever det slik at eg alltid har meint at litteraturen skal vere underhaldande; emosjonelt underhaldande, språkleg underhaldande, karaktermessig underhaldande, filosofisk underhaldande, episk underhaldande, ogsåvidare. Eg har sett dette som ein kvalitet og gjer det framleis, og ikkje på noko vis i motsetnad til det vi kallar tyngde.

Den store Calvino, ein eg med sin diversitet tør kalle bror av meg, utan at eg dermed vågar å likne meg med han i kvalitet, har skrive godt om det, om letthetens kvalitetar, eg forsøker alltid å skrive lett, seier han.

Det gjer også eg. Og underhaldande. Eg er ei utolmodig, men uthaldande sjel. Derfor har eg nok alltid stått i eit kjempande førehald til store delar av modernismen, som med sitt anti-underhaldande drag og si insistering på motstand, ofte har vore opplevd som vrangt og trassig og kjedeleg for meg.

Dermed kan ein seie at forfattarar, store forfattarar, glitrande forfattarar som Celan, med si fordunkling, eller Woolf, med sin seigheit, eller Duras, med samme kvalitet, eller Joyce, med sin uryddigheit, har blitt forfattarar eg ikkje har strukke meg etter.

Det hermetiske, og symbolisme, nei, eg vil ikkje dit, ja, ofte har eg tenkt at om målet er å drive massane bort frå litteraturen, så er dette metoden.

Men så er det aldri så enkelt, for vi lesarar er like forskjellige som steinane på stranda og når ein av dei får deg på gråten, kven er eg til å seie «stå ikkje der og gråt»?

Tok du noko form for utdanning i skriving?

- Nei. På tross av at ein tidleg helt for meg, Jon Fosse, var lærar ved Skrivekunstakademiet i Bergen, og på tross av at Karl Ove hadde gått der, så såg eg ned på ei slik utdanning. Eg meinte at den ekte forfattaren skapar litteraturen sin i møte med verda og andre bøker og skal gjere dette aleine utan påverknad frå eit bestemd miljø. Eg trur dette var lurt av meg, og så må andre finne ut kva som er lurt for dei

Har du omsett bøker til norsk? Er det nokon du gjerne skulle ha omsett?

- Eg omsette i sin tid nokre av breva mellom Celan og Sachs saman med kollega Espen Stueland for Vagant, kor eg var redaksjonsmedlem. Med min skuletysk var dette kolossalt overmodig, noko Henning Hagerup gjorde meg tydeleg oppmerksam på. Så oversatte eg, greit nok gjennomførd, Stig Larsons debutbok, Autistene, ein roman eg trur kan reknast for ei bok som har hatt direkte innverknad på veldig mange norske forfattarar.

Var eg god nok i tysk, verkeleg god, skulle eg gjerne ha omsett Grimmelshausens Simplicissimus, ein vilt god roman frå 1669.

Beklager, nå stoppet det litt opp her på nettsiden. Last inn siden på nytt, er du grei 🗙