Hva leter du etter?
Portrett av Jan Inge Sørbø med bok og kaffikopp foto Agnete Brun Samlaget

Kva har påverka dagens forfattarar frå Rogaland?

Jan Inge Sørbø har snakka med eit tjuetals forfattarar for å finne svar.

Når landet feirar Alexander Kiellands 175-årsjubileum i 2024, er det naturleg å sjå på arven etter han og andre forfattarar frå fylket.

Jan Inge Sørbø er litteraturvitar, forfattar og journalist frå Bru i Ryfylke. Han er professor ved Institutt for sosialfag, Høgskulen i Volda, og har skrive bøker i ei rekkje sjangrar.

I 2023 intervjua han forfattarar frå Rogaland, om korleis dei ser på sin eigen forfattarskap. Sjå lenke nedst på sida - intervjua vert publiserte gjennom året.

Kvifor ville du intervjue forfattarar frå Rogaland?

- Det konkrete utgangspunktet er forskingsprosjektet "Rogaland i endring", som nordisk-miljøet ved UiS har teke initiativet til. Stavanger har jo gått gjennom ei rivande utvikling frå sekstitalet og til i dag, og vi er nysgjerrige på kva som har hendt i litteraturen i perioden etter ca. 1980.

No har eg mellom anna arbeidd med litteraturhistorie, og då blir ein oppteken av linjene bakover. Difor var eg nysgjerrig på korleis forfattarar som er aktive no, tenkjer om dei rogalandske klassikarane, kva slags bøker dei er inspirerte av og korleis dei tenkjer om det lokale. Kvar ny generasjon har sin eigen kombinasjon av tradisjon og oppbrot, og eg synest det ville vera interessant å få tilbakemeldingar frå nokre av dei som skriv no.

Ser du tydelege skilnader i svara frå gruppe til gruppe, til dømes mellom menn og kvinner, eller mellom eldre og unge?

- Det er opplagte skilnader mellom dei litt over 20 forfattarane eg har hatt kontakt med - naturleg nok. Ein viktig ting er at Rogaland på ingen måte er eitt, samla miljø. Forfattarane frå Nordfylket, Ryfylke og Jæren har ikkje så sterk tilknytning til Stavanger, særleg ikkje dei frå Nordfylket. Det er ikkje så mykje felles mellom indre Ryfylke og Jæren, og dei har ulike lokale stemmer kring seg.

Det er også skilnad på generasjonane. Den sterke relasjonen mellom litteratur og politikk frå 1970-talet verkar fjern for ein del av dei seinare forfattarane. Men dei individuelle skilnadane er kanskje viktigare, som mellom den tradisjonsorienterte Eirik Lodén og dei meir modernistiske forfattarane.

Det er også ulikt syn på underhaldningsaspektet ved litteraturen, som modernistane forakta, men som Tore Renberg ser på som ein viktig del av litteraturen. Dette kan berre delvis forklarast som ein generasjonskonflikt. Noko forfattarane har felles, er at dei ser breidt og vidt. Dei kjenner Rogalands-klassikarane, men orienterer seg primært i verdslitteraturen. Systematiske skilnader mellom kvinner og menn er vanskeleg å peika på, fordi materialet er så lite.

Er det noko som har overraska deg når du ser svara under eitt?

Det burde kanskje ikkje overraska meg, men det er fascinerande å sjå kor stor rolle tidleg lesing har hatt. Forfattarane var store lesarar som barn, og dei var altetande. Før dei fann sine inspirasjonskjelder som sette i gang eiga skriving, las dei Hardyguttene, Nancy Drew, teikneseriar, serielitteratur – og ikkje minst Astrid Lindgren. Denne tidlege lesinga lærte dei gleda ved å gå inn i ei fiktiv verd, ein god stad å vera. Det er veldig likt mellom dei ulike forfattarane.

Du er oppteken av forfattarane sin bakgrunn og oppvekstmiljø, og korleis det har prega dei. Trur du dette vil vere mindre viktig for komande generasjonar forfattarar, som veks opp i ei globalisert, digitalisert verd?

- Det er farleg å spå. Men dei forfattarane eg har intervjua, er nokså samstemte om at oppvekststad og landskap har vore veldig viktig. Dei brukar det på heilt ulike måtar, og tolkar tydinga av ut frå ulike ståstader og ideologiar.

Men tidlege erfaringar er viktig i skapinga av litteratur. Og at kontakten med ei digitalisert og globalisert verd kan kanskje til og med gjera denne tidlege tilknytninga viktigare enn før.

Men kva det lokale betyr, og kva det blir brukt til, varierer. I eldre tid var lokalfarge ein del av eit nasjonalromantisk univers, det kan brukast til lett komedie, ein kan kjenna alt frå kjærleik og tillit til forakt og hat for oppvekstmiljøet, og ein kan forstå det religiøst eller politisk. Men sjølve tilknytninga held fram med å vera viktig, og det gjer det fascinerande å studera.

Les intervjua - fleire kjem gjennom 2024

Beklager, nå stoppet det litt opp her på nettsiden. Last inn siden på nytt, er du grei 🗙