Hva leter du etter?
Portrett av Tharaniga Rajah foto Oda Berby, Samlaget

Tharaniga Rajah: "Eg er kritisk til litteraturen me får frå den kvite middelklassa i Noreg."

Tharaniga Rajah skriv med kollektivistisk tankegods i botnen.

Når landet feirar Alexander Kiellands 175-årsjubileum i 2024, er det naturleg å sjå på arven etter han og andre forfattarar frå fylket.

Jan Inge Sørbø er litteraturvitar, forfattar og journalist frå Bru i Ryfylke. Han er professor ved Institutt for sosialfag, Høgskulen i Volda, og har skrive bøker i fleire sjangrar.

I 2023 intervjua han ei rekkje forfattarar frå Rogaland, om korleis dei ser på sin eigen forfattarskap.

Kva var viktige lesingar og impulsar tidleg i livet ditt, før du gav ut di første bok?

- Eg hugsar ikkje så mykje kva eg las som barn, eg las veldig mykje, men generelt var eg nok glad i Nancy Drew, Bobseybarna, slike bøker.

Elles las eg bøkene til storesystera mi, Tatt av vinden gjorde eit stort inntrykk, men eg las au kioskromanane hennar. Storesystera mi abonnerte på Det beste og kjøpte bokseriane med forkorta versjonar av romanar, desse las eg, ikkje minst heile Tusen og ei natt som me hadde samlebind av.

Sanninga er at eg las kva enn eg kom over, mellom anna Livets døtre-serien til May Grethe Lerum. Eg hadde ingen som rettleia meg om kva litteratur eg burde lesa, og las sånn sett veldig fritt, noko eg er takksam for.

Elles er det ei bok som var viktig for Det er lenge til skumring, diverre hugsar eg ikkje namnet på korkje boka eller forfattaren, kan henda Zsazsas dagbok [Zlatas dagbok av Zlata Filipović, red.anm.]? Det var dagboka til ei jente under krigen i Balkan, blikket hennar på krigen gjorde djupt inntrykk på meg.

Som tenåring byrja eg å lesa fantasy, til dømes Harry Potter, det har vore ein viktig bokserie for meg, men au Terry Prachett, Neil Gaiman, og teikneseriar som Conan og liknande. I tillegg til å vri meg mot det overnaturlege blei eg på denne tida au meir interessert i internasjonal litteratur. Eit år fekk eg Gabriel García Márquez til fødselsdagen min av nemnde storesyster og las mykje latin-amerikansk etter det, Márquez, Isabel Allende mellom anna, men på biblioteka oppdaga eg arabisk-, og ikkje minst, indisk litteratur. Eg starta å lesa Vikram Seth, Vikram Chandra, og viktigast av alt, Salman Rushdie, som blei den store forfattaren for meg på denne tida.

Trass eg har skrive frå eg var eit barn, var det fyrst etter at eg las J.M. Coetzee at noko fall på plass med mi eiga skriving, han las eg i tidleg tjueåra.

Har dei rogalandske klassikarane, til dømes Arne Garborg, Alexander Kielland og Sigbjørn Obstfelder, hatt noko å seia for deg?

- Diverre har eg ikkje rokke å lesa dei enno, berre Hulda Garborg.

Er det forfattarar eller stilar du ikkje hadde lyst likna på?

- I stor grad ynsker eg å vera mi eiga røyst, og det opplever eg at eg i stor grad får til. Dei fleste som les meg fortel meg at dei ikkje har lese noko liknande tidlegare. Eg er ein stilistisk forfattar med eit poetisk språk, det språklege er det viktigaste i litteraturen min, eg søker meg mot liknande forfattarar. Fortellingane mine er originale og ikkje-lineære med fokus på utfordringane me har i samfunnet, og det er kollektivistisk tankegods i botnen av det eg skriv, det kjem av at eg er tamil.

Det eg vil seia er at eg er kritisk til litteraturen me får frå den kvite middelklassa i Noreg, det finst så mykje av den at det språklege nivået på fleire av desse forfattarane må opp for at me kan rettferdiggjera mengda.

Kva slags rolle spela oppvekstmiljøet og staden du kom frå?

- Eg trur landskapet ein veks opp i alltid bur i ein, i språket ein vel og skildringane, det formar oss langt meir enn det me er klar over. Sjølv har eg oftare sansen for forfattarar frå Jæren framfor Stavanger, og Jæren er eit av dei vakraste områda me har i dette vakre landet.

Eg veit ikkje om eg nokon gong kjem til å skriva om Moi, men landskapet bur i meg, i roa eg fortel med og klukkinga av Lundevatnet og Fossen i rytmen eg fylgjer.

Kven var viktige i tida då du debuterte?

- Eg er usikker på om du meiner for meg personleg eller generelt i tida, så eg svarar dei som var viktige for meg. På denne tida var eg veldig inspirert av Cormac McCarthy, den romantiske poeten på hesteryggen som såg utover ørkenlandskapet i New Mexico med sigaretten i kjeften. Virginia Woolf var viktig, og Solaris korrigert av Øyvind Rimbereid var og er eg veldig oppteken av, Dette livet eller det neste av Demian Vitanza, Yahya Hassan, Michel Houellebecq (han slutta eg å lesa etter Soumission av di boka var så rasistisk, det som er interessant er at han fekk sitt ordentlege europeiske gjennombrot med nett denne boka), Marguerite Duras, Primo Levi, Sara Stridsberg, Tarjei Vesaas, Philip Roth, Stanislaw Lem, Clarice Lispector, Halldor Laxnes, Ingrid Z. Aanestad, Stefan Spjut, eg les ofte Harry Potter- serien, Audre Lorde, Kobo, Abe, Linnea Axelsson, Tolstoy, Brit Bildøen, Philip K. Dick mellom anna. Her har eg nok gløymd ein del.

Var du del av eit miljø som delte skriveerfaringar og leseopplevingar?

- Nei, det fekk eg fyrst då eg gjekk på Aschehoug.

Tok du noko form for utdanning i skriving?

- Eg gjekk Aschehougs forfatterskole 2013-2014.

Har du omsett bøker til norsk?

- Til no har eg omsett utdrag frå Hendelsehorisonten av Balsam Karam, novella Blodbarn av Octavia Butler, og for augneblikket omsett eg Byen me blei av N.K. Jemisin

Er det nokon du gjerne skulle ha omsett?

- Bhanu Kapil, eg lærar meg au tamilsk for augneblikket og ynsker å omsetta frå tamilsk til nynorsk i framtida.

Er det andre viktige impulsar du vil nemna?

- Det eg les no er veldig annleis enn det eg las berre for eit par år sia. Då eg gjekk på Aschehoug kjende eg ein del på det at eg ikkje hadde lese dei «rette» bøkene som dei andre elevane, og prøvde å lesa meg opp i den litteraturen: kvit middelklasselitteratur.

No er eg tryggare på meg sjølv og ser nokre hovudtrendar i lesinga mi: generelt les eg mykje diaspora litteratur, i alle sjanger. BIPOC-sci-fi og BIPOC-poesi, poesi les eg generelt mykje (au kvit middelklasse poesi). Somme forfattarar som er viktige for meg no er N.K. Jemisin, som eg omsett, Larissa Lai, Octavia Butler, Theresa Hak Kyung Cha, Bhanu Kapil, Kobo Abe, Layli Long Soldier, Claudia Rankine, Perumal Murugan, Franz Kafka, Anuk Arudpragasam, Olga Tokarczuk, Jin Yong, Vladimir Sorokin, Georg Trakl, Linneá Axelsson, Jacques Roubaud og Shyam Selvadurai.

Lån bøker av Tharaniga Rajah

Beklager, nå stoppet det litt opp her på nettsiden. Last inn siden på nytt, er du grei 🗙