Hva leter du etter?
Forfattar Oda Malmin portrett

Oda Malmin: "Garborgs skriving om Jæren har definitivt vore både viktig og inspirerande."

Donna Tartt, Arne Garborg og Haruki Murakami er nokre av forfattarane som har påverka Oda Malmin.

Når landet feirar Alexander Kiellands 175-årsjubileum i 2024, er det naturleg å sjå på arven etter han og andre forfattarar frå fylket.

Jan Inge Sørbø er litteraturvitar, forfattar og journalist frå Bru i Ryfylke. Han er professor ved Institutt for sosialfag, Høgskulen i Volda, og har skrive bøker i fleire sjangrar.

I 2023 intervjua han ei rekkje forfattarar frå Rogaland, om korleis dei ser på sin eigen forfattarskap.

Kva var viktige lesingar og impulsar tidleg i livet ditt, før du gav ut di første bok?

- Eg har alltid lese mykje, viktige aktørar i så måte har vore norsklærarar, bokbuss og bibliotek. Fekk ei stor interesse for dei norrøne mytane og forteljingane gjennom skulen (Steinerskulen). Som ung las eg mellom anna alt av Nancy Drew, Harry Potter, Maria Gripe og Ringenes herre, men òg etter kvart Tarjei Vesaas, Bulgakov, Murakami, Ferrante og Donna Tartt. Eg har òg sidan 2014 vore med i ein leseklubb som berre les kvinnelege forfattarar, og fått viktige impulsar derifrå.

Har dei rogalandske klassikarane, til dømes Arne Garborg, Alexander Kielland og Sigbjørn Obstfelder, hatt noko å seia for deg?

- Garborgs skriving om Jæren har definitivt vore både viktig og inspirerande, særleg for debutboka mi Steinauge. Elles har nok Kitty Kiellands torvmyr-måleri vore viktigare enn bøkene til broren. Òg Tor Obrestad og Åse-Marie Nesse har eg lese med stor glede og interesse.

Er det forfattarar eller stilar du ikkje hadde lyst likna på?

- Nei, ikkje eigentleg.

Kva slags rolle spela oppvekstmiljøet og staden du kom frå?

- Stor rolle. Både landskapet, bymiljøet, havet, landbruket og oljå har vore og er framleis viktig i skrivinga mi. Det er etter mi meining ei unik blanding av desse elementa i Stavanger-området, med kort veg mellom bygd og by, bedehus og bar, fjøs og fabrikk, Nordsjøen og innlandsheier.

Kven var viktige i tida då du debuterte?

- Litt usikker på på kva vis du meiner her, men venner som las og gav tilbakemeldingar, forlag og redaktør og litteraturmiljøet generelt: litteraturhus, festivalar (Kapittel!) og andre arrangørar som spreier leseglede og litteratur til folket.

Eg høyrde mykje på podkastar om skriving og las bøker om skriving for å få motivasjon og inspirasjon til å halda fram med skrivinga i forkant av utgivinga. Elles var sjølvsagt andre forfattarar, gjennom verka sine, viktige, av rogalandsforfattarar kan nemnast Inger Bråtveit og Agnes Ravatn.

Var du del av eit miljø som delte skriveerfaringar og leseopplevingar?

- Eg hadde ein ein god skrivevenn som eg møtte på sommarkurs på Skrivekunstakademiet i Bergen, som eg utveksla mykje tekst med.

Tok du noko form for utdanning i skriving?

- Ikkje noko lengre enn to dagars sommarkurs, kveldskurs o.l.

Har du omsett bøker til norsk?

- Nei.

Er det nokon du gjerne skulle ha omsett?

- Ja, nordamerikanske Ruth Ozeki!

Er det andre viktige impulsar du vil nemna?

- Nynorsken! Rogaland (og særleg Stavanger, Sandnes og Haugesund) må hugsa at me har vår rettmessige plass i den nynorske litteraturhistoria.

Lån bøker av Oda Malmin

Beklager, nå stoppet det litt opp her på nettsiden. Last inn siden på nytt, er du grei 🗙