Hva leter du etter?
Forfatter Inger Bråtveit mot en lilla og grønn bakgrunn

Inger Bråtveit: "Heller stryka vekk, enn leggja til."

Oppveksten i Øvre Suldal har vore viktig for Inger Bråtveit sin forfattarskap.

Når landet feirar Alexander Kiellands 175-årsjubileum i 2024, er det naturleg å sjå på arven etter han og andre forfattarar frå fylket.

Jan Inge Sørbø er litteraturvitar, forfattar og journalist frå Bru i Ryfylke. Han er professor ved Institutt for sosialfag, Høgskulen i Volda, og har skrive bøker i fleire sjangrar.

I 2023 intervjua han ei rekkje forfattarar frå Rogaland, om korleis dei ser på sin eigen forfattarskap.

Kva var viktige lesingar og impulsar tidleg i livet ditt, før du gav ut di første bok?

- Bibelen, Johan Veka, Jakob Sande, Jon Fosse og Kjartan Fløgstad.

Har dei rogalandske klassikarane, til dømes Arne Garborg, Alexander Kielland og Sigbjørn Obstfelder, hatt noko å seia for deg?

- Absolutt. Særleg Arne Garborg (Bondestudentar og Haugstussa)og Obstfelder.

Er det forfattarar eller stilar du ikkje hadde lyst likna på?

- Eg hadde ikkje lyst til å vera for «pratsam» i skrivinga. Heller stryka vekk, enn leggja til.

Kva slags rolle spela oppvekstmiljøet og staden du kom frå?

- Oppveksten min i Øvre Suldal har tydd alt for skrivinga mi.

Kven var viktige i tida då du debuterte?

- For meg har særleg Jon Fosse vore ein inspirasjon og førebilete. Seinare Eldrid Lunden og Steinar Opstad. Og Anne Karin Torheim!

Var du del av eit miljø som delte skriveerfaringar og leseopplevingar?

- Eg tok Forfattarstudiet i Tromsø, men heldt debutromanen unna samlingane der.

Tok du noko form for utdanning i skriving?

- Eg har gått Forfattarstudiet i Tromsø. Og på Heimly Folkehøgskole på Finnsnes, men på kulturjournalistikklinja. Forfattarbesøka ved folkehøgskulen var av umåteleg inspirasjon i «formative år».

Har du omsett bøker til norsk?

- Eg har vore sekundæromsetjar på Bibel 2011, og omsett den danske forfattaren Olga Ravn til nynorsk.

Er det nokon du gjerne skulle ha omsett?

- Veit ikkje.

Er det andre viktige impulsar du vil nemna?

- Folkemusikken og kvedar-tradisjonen. Salmediktinga. Film har også vore ei kjelde til inspirasjon. Og Tarjei Vesaas så klart!

Lån bøker av Inger Bråtveit

Beklager, nå stoppet det litt opp her på nettsiden. Last inn siden på nytt, er du grei 🗙