Hva leter du etter?
Portrett av Edmund Austigard foto Herborg Pedersen Samlaget

Edmund Austigard: "Eg fekk mest impulsar frå lokalt forteljarmiljø."

Oppveksten i Ryfylke har sett sitt preg på bøkene til Edmund Austigard.

Når landet feirar Alexander Kiellands 175-årsjubileum i 2024, er det naturleg å sjå på arven etter han og andre forfattarar frå fylket.

Jan Inge Sørbø er litteraturvitar, forfattar og journalist frå Bru i Ryfylke. Han er professor ved Institutt for sosialfag, Høgskulen i Volda, og har skrive bøker i fleire sjangrar.

I 2023 intervjua han ei rekkje forfattarar frå Rogaland, om korleis dei ser på sin eigen forfattarskap.

Kva var viktige lesingar og impulsar tidleg i livet ditt, før du gav ut di første bok?

- Eg fekk mest impulsar frå lokalt forteljarmiljø. Bygdabøkene om Årdal, lokale bøker om utvandring og nybyggarlivet "over there". Bøkene til Njål Tjeltveit. Så har nok nokre av bøkene til Kjartan Fløgstad og ikkje minst Rasmus Løland hatt større påverknad enn eg først trudde. Ajax må nemnast.

Har dei rogalandske klassikarane, til dømes Arne Garborg, Alexander Kielland og Sigbjørn Obstfelder, hatt noko å seia for deg?

- Ikkje som anna enn namn eg som rogalending kunne vere stolt av. I godt vaksen alder inviterte kunstnarane Nils Viga Hausken og Ingeborg Kvame meg med på kunstprosjektet "Me ser" (www.me-ser.net). Prosjektet var inspirert av Obstfelder. Det har påverka fleire tekstar eg har skrive i seinare tid.

Er det forfattarar eller stilar du ikkje hadde lyst likna på?

- Ingen lokale eg kjem på.

Kva slags rolle spela oppvekstmiljøet og staden du kom frå?

- Det er mogleg fotballinteressa overstyrte alt anna og at eg ikkje såg det. Men eg har ikkje noko minne om at litteratur stod sentralt i dagleglivet i Strand og Hjelmeland. Verken som kunst eller leveveg. Det var noko andre dreiv på med, her til bygdars hadde ein skikkeleg arbeid å ta tak i. Men folka, typane, forteljingane, skrønene og geografien var heilt avgjerande for den lange prosessen fram mot romandebuten.

Kven var viktige i tida då du debuterte?

- Eg hugsar ikkje at nokon påverka meg spesielt den tida. Eg hadde rett og slett ikkje lese så mykje. Hugsar at eg våga meg på ei opplesing i Josefines gate. Der blei eg verkeleg imponert over Inger Bråtveit, som las frå si debutbok Munn mot ein frosen fjord. Sidan ho var frå Ryfylke, våga eg meg til å helsa på henne. Ho var truleg den første forfattaren eg trefte.

Var du del av eit miljø som delte skriveerfaringar og leseopplevingar?

- Absolutt ikkje. Eg var totalt ukjent med det litterære miljøet både i Rogaland og elles. Eg kom frå utdanning i utlandet, jobba med finansiering av teknologiverksemder i eit internasjonalt miljø. Møtet med litteratur-Noreg var eit sjokk. Eg var ein framandkar i eit selskap av særs velskolerte folk der alle kjende alle.

Eg hadde nesten ikkje lese anna enn pensum sidan gymnaset, det aller meste på engelsk, og debuterte som 40-åring. Eg hadde verken vokabularet eller kunnskapen. Folk hadde studert nordisk eller litteraturvitskap og hatt dei same førelesarane. Lese dei same bøkene. Kunne den norske kanon. Ein ganske homogen og kanskje litt lukka klubb, slo det meg.

Men i barndommen var farmor bibliotekar, og foreldra mine las mykje. Eit par ivrige lærarar både i Årdal og i Strand inspirerte til lesing. Så litt skolering fekk eg til og med gymnaset. Deretter var det jamt slutt i over 20 år.

Tok du noko form for utdanning i skriving?

- Nei.

Har du omsett bøker til norsk?

- Nei.

Er det nokon du gjerne skulle ha omsett?

- Nei.

Er det andre viktige impulsar du vil nemna?

- Geografien har nok vore viktig. Forståinga av at kysten er siste stopp før det store havet med Amerika på andre sida. Eg høyrte mykje på både engelsk og amerikansk mellombølgeradio. Fekk verda inn fjorden, heilt naudsynt oksygentilføring.

Beklager, nå stoppet det litt opp her på nettsiden. Last inn siden på nytt, er du grei 🗙