Hva leter du etter?
Korianderfrø foto Wikimedia Commons (kilde: https://commons.wikimedia.org/wiki/File:Coriander_seeds.jpg)

Frøbibliotek

Finnøy bibliotek har ei samling kortreiste frø. Ynskje er å ha frø tilpassa vårt klima og vekstsone. Hagelaget på Finnøy er ein god støttespelar i innsamlinga av lokale frø.

Hausten er tida for å samla inn frø. Frø kan du henta av det du har sådd av frø henta hos oss, eller om du har andre ting du har i hagen, på balkongen eller andre stader. Mange stader er det god informasjon om korleis ein går fram for å samla inn frø, til dømes Det norske hageselskap.

Her finn du også andre tips for såing og dyrking, både til å ha inne og ute i ulike hagestorleikar.

Biblioteket har òg bøker til utlån om frø og dyrking. I tillegg er det ulike hagebloggar som har kjekke dyrketips. Blant anna Dennis, som Finnøy bibliotek har hatt på besøk med foredrag om sin spiselige hage. Han har også mange kjekke dyrketips.

Korleis levere frø til frøbiblioteket?

  1. Samla inn frø frå vekster som er avblomstra.

  2. La frøa tørka godt.

  3. Legg frøa i kaffifilter eller annan embalasje. Noter haustetidspunkt, namn på planta, og informasjon om du veit noko meir enn namnet.

  4. Lever inn på Finnøy bibliotek.

Korleis bruke frøbiblioteket

  1. Lån deg frø på biblioteket

  2. Prøv å hausta frø av det du dyrka, og lever tilbake til biblioteket. Då kan desse lånast ut neste sesong.

Tilbodet er gratis, og for at flest mogleg skal få frø er det fint at du berre tek det du treng.

Det er viktig å vita korleis ein haustar frø, og dermed kunna utnytta ressursane som er rundt deg. Du treng ikkje den største hagen for å få til dette. Prøv deg fram, høyr på andre entusiastar, og lån deg gjerne ei bok om emnet. Lukke til!

Frø på biblioteket

På Finnøy bibliotek er frøbiblioteket heile tida i endring. Du finn eit variert utval. Ta med deg nokre frø og bidra til eit større mangfold!

Beklager, nå stoppet det litt opp her på nettsiden.. Last inn siden på nytt, er du grei 🗙