Hva leter du etter?
Portrett Jon Fosse

Vil du ta vekttal i Jon Fosse?

No kan du ta eit djupdykk i forfattarskapen til Jon Fosse på Sølvberget. Ein ny seminarserie tar for seg Jon Fosse sin forfattarskap med vekt på tre sentrale tema: fjorden, heimen og melankolien.

Universitetet i Stavanger og Sølvberget samarbeider om ein serie med seminar om nobelprisvinnaren sitt verk.

Seminara er opne for alle. Om du følger seminarserien og gjennomfører ein litterær samtale som eksamen, kan du også få studiepoeng i Fosse.

Tre forelesingar

Kvart undervisningsmøte vil fungere som ein kombinasjon av tradisjonelle forelesingar og diskusjonar i mindre grupper. Kvart møte vil legge størst vekt på eitt verk, men vil også hente fleire eksempel frå andre tekstar og sjangrar i forfattarskapen.

  • I det første møtet vil vi sjå på heimen som tematikk i forfattarskapen til Fosse. Heimen rommar òg tema som vern, relasjonar, familie og kommunikasjon. Forelesinga vil ta utgangspunkt i dramatikken til Fosse, og då særleg dramaet Namnet (1995), som skal lesast i forkant. Vi vil også kome inn på heimen som tema i fleire av Fosse sine teaterstykke, og i lyrikken hans.
  • I det andre møtet skal vi sjå nærare på sjøen, som speler ei så sentral rolle i Fosse sin forfattarskap. Folk er ute i båt for å finne einsemd, for å kjenne kontakt med rytmen i bølgjene – og her kjem dei nokre gonger i kontakt med det verkeleg store som kvelvar seg over tilværet vårt, med døden og Gud. Dette møtet vil ha særleg fokus på romanen Morgon og kveld (2000), som skal lesast i forkant.
  • I den tredje forelesinga skal vi utforske melankoli som tematikk i Fosse sin forfattarskap. Melankolien kjem til uttrykk som uro, fortviling og galskap, men òg som skaparkraft, skriving og kunst. Forelesinga vil særleg ha fokus på romanen Naustet (1989), som ein skal lese i forkant, men vil også kome inn på melankoli som tema i andre av Fosse sine romanar og i lyrikken hans.

Litterær samtale som eksamen

Om du vel å følge seminarserien som eit studium, får du også vere med på ein litterær samtale med andre kursdeltakarar om Fosse sin forfattarskap og det de har lært og diskutert i seminara. Denne litterære samtalen er faktisk eksamen og gjer at du kan bli blant dei første i verda som får studiepoeng i Jon Fosse.

Les meir om seminara og korleis du melder deg opp for å ta dette som eit studium (mikroemne) her: Jon Fosses forfatterskap | Universitetet i Stavanger (uis.no).

Jon Fosse-forelesningane

Beklager, nå stoppet det litt opp her på nettsiden. Last inn siden på nytt, er du grei 🗙