Hva leter du etter?
Foto fra inngangspartiet til bygget Meieriet

Sjølvbetent bibliotek på Rennesøy stenger fram til 10. mars

Vernerundar og synfaringar med blant anna brannvesenet i Meieriet der Rennesøy bibliotek held til, har avdekt manglar i bygget. Publikum vil difor ikkje ha tilgang til sjølvbetent bibliotek før tidlegast 10. mars.

Vernerundar og synfaringar med blant anna brannvesenet i Meieriet der Rennesøy bibliotek held til, har avdekt manglar i bygget. Det er blant anna hindringar ved rømningsvegar i bygget.

Dette må utbetrast og ordnast, før det blir gjort ei ny vurdering 10. mars 2025.

Det er ikkje forsvarleg å ha publikum i bibliotekets lokale når biblioteket ikkje er bemanna. Publikum vil difor ikkje ha tilgang til sjølvbetent bibliotek før tidlegast 10. mars.

Det er trygt å besøke biblioteket når det er bemanna. Tilsette i biblioteket på Rennesøy bibliotek er godt kjende med brann- og evakueringsrutinar i bygget.

Publikum på Rennesøy kan nytte sjølvbetent bibliotek på Madla, Finnøy eller på Sølvberget i sentrum fram til det er forsvarleg å tilby det igjen på Rennesøy.

Betente tider på Rennesøy bibliotek:

Måndag: 10-20
Tysdag: 10-14
Onsdag: 10-18
Torsdag: 10-15
Fredag: Stengd
Laurdag: 10-14
Sundag: Stengd

Beklager, nå stoppet det litt opp her på nettsiden. Last inn siden på nytt, er du grei 🗙