Hva leter du etter?
Portrett av Ørjan Zazzera Johansen (Foto: Studio Hjelm/Det norske samlaget)

Ørjan Zazzera Johansens Kapittel-tips

Garborgsenterets formidlar snakkar ut etter sommarens Garborg vs. Erling Braut Haaland-bruduljar. Og vel sine favorittar frå Kapittel-programmet.

Ørjan Zazzera Johansen har skrive bok om fotballspelar Erling Braut Haaland, og skal snakke om boka på Kapittel. Til dagleg forvaltar Zazzera Johansen forfattarskapen til Arne Garborg, som tilsett ved Garborgsenteret på Bryne.

I sommar vart han nøydd til å velje side.

- Du har stått midt i stormen i debatten om kven som er den største av Erling Braut Haaland og Arne Garborg. Korleis har det prega sommaren din, og kvifor var det naudsynt å rykke ut for å snakke forfattarens sak?

Debatten har vore lyset i regnsommaren! Eg hamna jo litt i skvisen ettersom eg er både Garborg- og Haaland-formidlar, men sjølve spørsmålet om «storheit» var enkelt.

Det har vore svært gildt å sjå alle som støttar opp om Garborg, som har lagt merke til nye sider ved han i løpet av sommaren. Tenk at spørsmålet engasjerte 2700 jærbuar til å stemma, og at Garborg vann!

Arne Garborg falt i det fri foto Nasjonalbiblioteket

Eg er blitt stoppa i gata av folk som har takka meg. Ukjende har banka på døra berre for å skryta av Garborgsenteret. Det er klart me må seia ifrå når ordføraren tar feil! Han var jo ganske dristig då han, forført av å ha verdas mest populære fotballstjerne like framfor seg, erklærte at Haaland var blitt «klart større enn Arne Garborg». Ordføraren hadde dessutan kjedet på seg, noko som gav inntrykk av at kåringa var offisiell.

Ei gåvepakke til oss, eigentleg, me lo av glede då me høyrte det. Nå kunne me fortelja om kven Garborg faktisk var. Eller, det gjer me jo heile tida, men nå visste me at folk ville lytta. Det er jo snart 100 år sidan Garborg levde, og med tida har synet på han blitt forvrengt. Nå blir han knytt til høgkultur, og sett på som ein kjedeleg og vanskeleg nynorskforfattar. Mange er fulle av fordommar og veit ikkje at det gode, frie samfunnet me har i Noreg i dag mellom anna er Garborg sin forteneste.

Eg synest det er viktig å minna folk om at me kan ha endå betre og viktigare førebilde enn dei som spring raskt eller tener mykje. Jau då, nokon har det i beina, andre i hovudet, men det siste er best!

Eg vil med dette lansera eit nytt slagord: «Det er tøft å vera klok!». Det er ikkje kritikk av Haaland, han er ung og har eit talent han fortener å få dyrka.

Erling Braut Haaland for Manchester City mot RB Leipzig i UEFA Champions League-kamp i februar 2023.  Foto Jacek Stanislawek, Wikimedia Commons

Haaland er sikkert mykje lukkegare enn Garborg. Tenk å få vera profesjonell fotballspelar, setta skåringsrekordar og sjå at ungar over heile verda ber namnet ditt på ryggen! Men at Garborg orka å stå i alle dei vanskelege og deprimerande kampane, indre og ytre, for å nå fram til sanning og rettferd er ikkje mindre beundringsverdig. Det er førebilde, det!

Om me sjølv ikkje er i stand til å ta dei same tøffe vala som Garborg gjorde, kan me iallfall vera takksame for det som han fekk til. Tenk om ungane våre konkurrerte i å tenka djupt i staden for å springa om kapp. Verda hadde vore redda!

Me treng menneske med mot og klokskap, som ikkje aksepterer maktas tynne forklaringar, som alltid søker sanninga og undersøker kva mennesket eigentleg er for noko – og korleis samfunnet me lever i bør vera. Fotball er gøy, tenking er viktig. På toppen av alt heldt Garborg eit kunstnarleg nivå som godt kan samanliknast med Haalands. Dei er verdsklasse, begge.

- Ikkje lov med politikarsvar: Aldri meir sjå ein fotballkamp med Erling Braut Haaland på banen, eller aldri meir lese eit einaste ord av Arne Garborg?

Eg ser faktisk ganske lite fotball, mest høgdepunkt og samandrag eigentleg. Ein kamp varer jo opp mot to timar og det er verdifull skrivetid for ein forfattar med full jobb utanom. Eg har sett min andel våte, kalde og dårlege kampar.

Berre fotball-VM ville ha vore eit sakn for meg, men Noreg kvalifiserer seg jo ikkje allikevel og då får ikkje Haaland vera med. Eg kunne ha greidd meg utan Garborg òg, men Haugtussa og Kolbotnbrev kan lesast om igjen og om igjen.

Historia om Erling Braut Haaland av Ørjan Zazzera Johansen

Så svaret er at eg heller unnlater å sjå fotballkampar med Haaland. Då slepp eg dessutan å sjå at han skårer hat trick mot Manchester United, noko som er komplisert følelsesmessig.

- Årets Kapittel har tema håp. Kva håpar du på for tida?

Det er jo mykje å håpa på når verda ikkje er som ho skal. Mest grunnleggande drøymer eg om at mennesket skal avskaffa den gammaldagse nasjonalstaten. Nasjonssystemet er basert på konkurranse og lag-egoisme, og er fullstendig utdatert. Eg skulle ønska at politikarane las politisk filosofi og gjekk sine eigne meningar meir i sømmane. Dette gjeld på alle nivå.

Og så håpar eg Bryne ender over Sandnes Ulf (eller er det Ulf Sandnes?) på tabellen. Det er så flautt når ein historielaus og namneforvirra klubb nord for Skjævelandsbrunå gjer det betre enn oss.

- Kva gler du deg spesielt til på årets Kapittel?

Som leiar i Rogaland forfattarlag ser eg aller mest fram til Kortreist 20. og 21. september. Då skal ti dyktige lokale forfattarar lesa frå sine siste bøker. Det blir alltid bra! Eg håpar mange andre har lyst til å koma òg, her kan dei gjera store oppdagingar. Fine leseopplevingar blir skapt rundt hushjørnene våre, kvart einaste år!

Og så må eg prøva å få med meg Lars Saabye Christensen. Han er ein av grunnane til at eg blei forfattar. Eg har lese Amatøren meir enn ti gonger!

Beklager, nå stoppet det litt opp her på nettsiden. Last inn siden på nytt, er du grei 🗙