Hva leter du etter?
Barn sitter i en ring og spiller brettspill

UTLØPT: Ledig stilling som bibliotekar og formidler

Sølvberget driv tre lokalbibliotek som held til på Madla, Rennesøy og Finnøy. Det er no ledig stilling som bibliotekar på Rennesøy bibliotek som er ein møteplass for folk i alle aldersgrupper.

I denne stillinga har du, i samarbeid med andre i Sølvberget, ansvaret for den dagelege drifta av biblioteket, samlinga, formidling og arrangement. Det er ønskeleg at ein i denne jobben óg har noko fast arbeidstid på Sølvberget i Stavanger sentrum, samt eit tett samarbeid med dei andre lokalbiblioteka.

Biblioteket på Rennesøy er eit viktig lokalbibliotek. Det er ein møteplass for folk i alle aldersgrupper og biblioteket samarbeider med Innbyggjartorget, Frivilligsentralen og andre lag og foreiningar på Rennesøy. I tillegg til denne stillinga er det óg ein deltidsstilling som arbeider på Rennesøy bibliotek.

Biblioteket er sentralt plassert i Kulturhuset Meieriet i Vikevåg sentrum. I dag finn du biblioteket i 2. etasje i Meieriet, men det skal årskiftet 2024/2025 flytta inn i eit nyoppussa lokale på gateplan. Frå Stavanger er det god bussforbindelse (35 minutt) til Vikevåg, eller det tek det om lag 25 minutt å køyra.

Lokalbiblioteka har ei sentral rolle i kommunens Temaplan bibliotek for å nå dei tre måla til biblioteket; barn og unge skal lesa meir, biblioteket skal styrke lokaldemokratiet og biblioteket skal vera lett tilgjengeleg i heile kommunen.

Søk på stillinga.

Bibliotekar Rennesøy

Me søkjer ein bibliotekar som arbeider sjølvstendig, har gode samarbeidsevner, ser moglegheiter og kan gjennomføra planar. Me ser etter deg som er ein engasjert formidlar som kan dekkja fleire av fagområda til biblioteket: skjønns- og faglitteratur for vaksen, film, musikk og barne- og ungdomslitteratur. Saman med dei andre lokalbiblioteka skal den som får jobben óg bidra til planlegging og drift. I vurdering av søkarane vil personlege eigenskapar bli gitt stor vekt.

Arbeidsoppgåver:

  • Bidra til at biblioteket er relevant, aktuelt, interessant og innbydande.
  • Formidling til barnehagar og skular
  • Planlegga og gjennomføra formidling til grupper
  • Yta god og vennleg service til lånarar og anna publikum.
  • Publikumsbetening etter oppsett vaktplan kvardag og helg.
  • Ha kontakt med aktuelle samarbeidspartnarar i kommunedelen.

Utdanning på bachelornivå innan kultur, bibliotekfag, litteratur, pedagogikk eller tilsvarande.

Stavanger kommune er ein språknøytral kommune som brukar bokmål og nynorsk.

Dersom du ikkje har norsk eller et anna skandinavisk språk som morsmål, må du dokumentere at dine språkferdigheiter oppfyller krava tilsvarande C2.

  • Du bidrar til fellesskapet og motiverer kollegaer til å utvikla og løfta bibliotektenesta.
  • Du har god forståing for samfunnsoppdraget og formidlingsansvaret til biblioteket.
  • Du er strukturert og har gjennomføringsevne.
  • Du er hyggeleg, serviceinnstilt og samarbeider godt med andre.
  • Du er ein god formidlar.
  • Du er aktiv, kreativ, strukturert og likar menneske.



Stillingsbrøk: 70%.

Ein viktig, interessant, utfordrande og morosam arbeidskvardag.

Eit tverrfagleg arbeidsmiljø med dyktige og engasjerte kollegaer i ein lærande organisasjon.

Utfordrande, meiningsfylte og varierte arbeidsoppgåver i eit fleirkulturelt og mangfaldig miljø.

Gode moglegheiter for fagleg og personleg utvikling.


Stavanger kommune har fleksibel arbeidstid. Til stillinga inngår det kvelds- og helgevakter etter turnus.


Lønn etter gjeldande avtale som bibliotekar (702600 Bibliotekar).

Beklager, nå stoppet det litt opp her på nettsiden. Last inn siden på nytt, er du grei 🗙