Hva leter du etter?
Illustrasjon til bokcover Arrfjes av Terje Torkildsen

Hele Stavanger leser 2026: Arrfjes av Terje Torkildsen

Sølvberget inviterer heile Stavanger til å lese Arrfjes av Terje Torkildsen. Våren 2026 deler vi ut 12 000 gratis bøker. Prosjektet er ein del av oppladinga til The Tall Ships Races i Stavanger 22.–25. juli 2026.

Ei bok for heile Stavanger

Hele Stavanger leser skal gi innbyggjarane i Stavanger ei felles leseoppleving. Målet er å skape leselyst, nysgjerrigheit og tilhøyrsle. Prosjektet rettar seg særleg mot ungdom, men boka passar for lesarar i alle aldrar. Årets bok er romanen Arrfjes av Terje Torkildsen, ei bok for både ungdom og vaksne.

-Dette er veldig stas, rett og slett. Hele Stavanger leser er jo ganske unikt i Noreg og noko som blir lagt merke til langt utanfor kommunegrensene. Og så er jo dette med ungdom og lesing veldig i vinden for tida, seier forfatter Terje Torkildsen.

Vi deler ut 12 000 gratis eksemplar av boka, og boka kan du hente på Sølvberget i sentrum eller på biblioteka på Madla, Finnøy og Rennesøy.

Ei spennande forteljing frå havet

Handlinga i Arrfjes er lagd til 1812 og følgjer 13 år gamle Ejner, som må klare seg sjølv etter å ha overlevd koppar. For å forsørgje veslebroren sin tek han hyre på ei seglskute som dekksgut.

-Dette er ei historie det er lett å kome inn i, og som held på spenninga heilt til siste side. Og best av alt: Boka er gratis – ta ho med heim og les. Vi håpar ho kan gi deg endå meir leselyst – eller lyst til å skrive dine eigne historier, seier bibliotek- og kulturhussjef Anne Torill Stensberg.

Arrfjes har fått mykje merksemd sidan ho kom ut i 2014, og vart i 2019 kåra til ei av dei ti beste nynorske ungdomsbøkene etter tusenårsskiftet.

Del av oppladinga til Tall Ships Races

Arrfjes er valt fordi boka løfter fram kystkultur og sjøfartshistorie i regionen, og det er ein fin måte å knytte lesinga til The Tall Ships Races, som kjem til Stavanger 22.–25. juli. Då blir Vågen fylt av seglskuter, kulturprogram og aktivitetar for heile familien.

Leseprosjektet er ein del av oppladinga til arrangementet, og boka blir også delt ut under folkefesten. Gjennom litteraturen løfter prosjektet fram kystkultur, maritime tradisjonar og lokal historie. Samstundes skal det skape fellesskap og engasjement blant barn og unge.

-Ungdommane står i sentrum for alt vi jobbar for i The Tall Ships Races. Målet vårt er å formidle maritim historie til nye generasjonar, og at flest mogleg ungdomar får høve til å kome ut og segle. Vi er veldig glade for å ha fått på plass samarbeidet om Hele Stavanger leser, og gleder oss over at fleire tusen unge skal få høve til å lese denne viktige boka. Historia om den unge guten som dreg til sjøs for første gong, kjenner vi godt att frå seglingsopplevingane om bord på skutene, seier prosjektleiar Knud Helge Robberstad.


Bøker til skular og fleire måtar å lese på

Ungdomskulane får tilgang til klassesett av boka til felles lesing, og eit ferdig undervisningsopplegg. Skular i sentrum blir inviterte til forfattarmøte før sommarferien. Torkildsen er også skodespelar og komikar, og brukar humor aktivt i formidlinga. Det gjer møta med elevane levande og engasjerande. Hausten 2026 reiser han rundt med ei framsyning om boka gjennom Den kulturelle skulesekken. Då blir det mogleg å bestille framsyninga og få tilsendt bøker. Det finst også eit ferdig undervisningsopplegg som kan lastast ned gratis frå Nynorsksenteret.

Boka er tilgjengeleg i ulike format

Arrfjes finst som lydbok og som tilrettelagd lydbok for dei som har vanskar med å lese vanleg skrift. Boka finst også innlesen på Tibi.no. Tilbodet er gratis for alle som har vanskar med å lese. Arrfjes kan også lånast som lydbok og lastas ned gratis i appen Biblio.

The Tall Ships Races Stavanger 2026

Stavanger er vertshamn for The Tall Ships Races 22.–25. juli 2026. Arrangementet er Europas største gratis familiearrangement og samlar store seglskuter og ungdom frå heile verda. Det blir kulturprogram langs heile hamneområdet i Vågen. Hele Stavanger les blir ein del av oppladinga, og boka blir også delt ut under arrangementet.

Prosjektet Hele Stavanger les skal bidra til å:

• Formidle kystkultur og maritime handverkstradisjonar gjennom litteratur.

• Skape engasjement og fellesskap blant barn og unge.

• Styrkje leselyst og kulturforståing i ei tid prega av uro og endring.

Mål for prosjektet

• Fremje leselyst blant barn og unge gjennom ei felles leseoppleving.

• Formidle lokal kysthistorie og maritime tradisjonar på ein tilgjengeleg og engasjerande måte.

• Skape fellesskap og engasjement i forkant av The Tall Ships Races.

• Årets bok er skriven av ein lokal forfattar som er ein populær formidlar for både ungdom og vaksne, og som har god erfaring med å formidle denne boka.

• Etablere nye samarbeidsformer og nye nettverk.

Arven etter Hele Rogaland leser

Hele Rogaland leser var eit litteraturformidlingsprosjekt som gjekk føre seg frå 2008 til 2023. Målet var å gi innbyggjarane i Rogaland ei felles leseoppleving, og å auke interessa for litteratur frå fylket. Prosjektet starta på Sølvberget i 2008. Då heitte prosjektet Hele byen leser og var ein del av kulturhovudstadsåret 2008, då Stavanger var europeisk kulturhovudstad. Hele Rogaland leser blei vedteke lagt ned av fylkestinget 12. desember 2023.

Beklager, nå stoppet det litt opp her på nettsiden.. Last inn siden på nytt, er du grei 🗙