Hva leter du etter?
Heidi Marie Vestrheim på scenen under Nordisk barnebokkonferanse på Sølvberget

Heidi Marie Vestrheims Kapittel-tips

Heidi Marie Vestrheim har snekra sin Kapittel-plan. Med tida håpar ho å kunne snekre kjekke ting med hammar og spiker òg.

Du skal intervjue Ia Genberg om romanen Detaljene, som har fått strålande kritikk overalt. Kva er styrkene til denne boka? Må ein ha vore ung og lovande på 1990-talet for å få maks utbytte av romanen?

Styrken er nettopp dei nydelege detaljane rundt det å være ung vaksen på 90-tallet. Blikket til Ia og det poetiske språket, utan at ho blir for pompøs i beskrivingane.

Detaljene av Ia Genberg bokforside

Mykje av det me går gjennom som unge vaksne er jo likt uansett tidsalder, men her er det skildringar av overfylte askebeger, bukollektiv med telefon i gangen, viktigheitene av telefonsvararar, veninner som forsvinn og ein må fysisk leite etter dei, reising med tog utan appar som hjelpemiddel, korleis psykisk helse var eit ikkje-tema og ikkje minst den unge energien i vennskap og kjærleik som ein trur på ein måte er for evig, men som ein sakte, men sikkert skjønar at var heilt unikt for den tida då ein ikkje hadde levd lenge nok til å bli mett. Dette gjer Detaljene så unik.

Du har òg med deg gitaren din og boka Jenny Fender, for å møte elevar på 6.-7. trinn. Korleis kom ideen til boka?

Eg hadde lyst å skrive om ei jente med store draumar frå ein liten plass!

Og så koser eg meg veldig med å skrive om ein karakter som lever i eit liknande miljø som eg vaks opp i, både med tanke på fjord og fjell og tilbod som finst på slike stader, men også det å vere eit trygt bygdebarn som lengtar etter det urbane, samtidig som det store bylivet også er litt skummelt.

Jenny Fender av Heidi Marie Vestrheim bokomslag

Eg har også alltid elska alt som inneber det å være eit band. Altså; all planlegginga, finne namn, kven skal gjere kva, kva låtar skal ein spele, image eller «være seg sjølv». Kven ser ein opp til, kvar skal ein øve, skal ein ha ein logo, korleis klare å få spelejobbar og korleis få ballen til å rulle! Det er jo ein slags avansert strategileik. Og så er det som eit lotteri, ein kan plutseleg ha ei hending som fører til noko stort som igjen gir deg ein gevinst!

Og så kunne eg jo rett og slett tenke meg å lese om ei jente som Jenny då eg var liten, ei litt sånn rett fram, tar litt plass, spelar høgt og forelskar seg i jenter. (Sjølv om ho syns det er noko tull med kjæraste-ting!)

Årets Kapittel har tema Håp. Kva håper du på for tida?

Å, bevares! Det var eit vanskeleg spørsmål. Ulike arenaer i livet har ulike håp, men eit unisont håp må vel være at folk kan bli litt meir rause med kvarandre, være opne for ting som er annleis enn det ein sjølv meiner er rett, være greie mot kvarandre, lære seg kildekritikk og ha tillit til kvarandre! Og så at me alle klarer å ta vare på planeten og velgje gode leiarar som gjer det mogleg!

Elles så håpar eg også på at eg lærer meg å snekre! Eg har lyst å bygge ting sjølv! Platting, skifte vindauga, bygge ein pergola, eit drivhus, kanskje ein kassa-bil ... altså slike ting som ser så lett ut når andre gjer det.

Kva anna må folk få med seg på årets festival?

Sjølv har eg alltid vore fan av Side Brok, så er spent på vokalisten der, Runar Gudnason sin film Eg har ord. Alltid fint å høyre på Maja Lunde, og så har eg to studieveninner frå Norsk barnebokinstitutt som kjem på festivalen; Julie Valsø som skal snakke om si bok Det ordner seg - sju steg til å overleve småbarnslivet. Julie er ein nydelig formidlar, også er ho så morosam og klok! Den andre er Nina Bahar som skal sitte i panelet «Tro, håp og skeiv kjærlighet», samt ha eit frokostforedrag: Kvinne, liv, frihet. Nina er så klok, modig og engasjert - og ei viktig stemme i samfunnsdebatten!

Beklager, nå stoppet det litt opp her på nettsiden. Last inn siden på nytt, er du grei 🗙