Hva leter du etter?
Jørgen Johannessen held boka Cash money i bibliotekmiljø

Han har gjort høgtlesing til ein hit på ungdomsskulen

Viss alle elevane i ein klasse skal oppleve litteratur, må ein lese høgt i klasserommet, meiner Jørgen Farestveit Johannessen.

Han er norsklærar på Tastarustå skole i Stavanger, og veit godt at lesing på eiga hand ikkje fungerer for alle elevar. Løysinga har blitt høgtlesing i klasserommet, som eit prestasjonsfritt avbrekk i norskundervisninga.

- Når ei norskøkt varer i 60 minutt etter lunsj, med trøytte ungdommar, er du ganske naiv viss du trur at du kan halde på i ein heil time med nynorsk grammatikk eller diktanalyse utan avbrekk. Då er det lurt å ha høgtlesing i 20 minutt som ein del av timen, seier Johannessen.

Høyr ungdomsskulelærarens beste tips etter fleire år med høgtlesing i klasserommet:

Beklager, nå stoppet det litt opp her på nettsiden.. Last inn siden på nytt, er du grei 🗙