Hva leter du etter?
Portrett av Linn Ullmann. Foto: Jarle Aasland

Godt på norsk-løypa

Dette er Kapittel-løypa for deg som vil oppleve høgdepunkt frå nyare norsk litteratur.

Går du denne løypa av programpostar, kan vi garantere deg eit nytt syn på fortida:

  • Bjørn Hatterud har gått djupt inn i Alf Prøysens forfattarskap, og viser nye sider ved ein av landets mest folkekjære diktarar.
  • Hilde Hagerup og Tore Renberg har begge skrive bøker med utgangspunkt i verkelege historiske personar. Det stiller særskilte krav til forfattaren.
  • Vigdis Hjorth står fjellstøtt som ein av vår tids store forfattarar. På Kapittel ser ho tilbake på skrivelivet saman med oss. Dessutan skal ho snakke om eitt av sine store førebilete, danske Tove Ditlevsen.
  • Lars Elling har fått eit stort publikum med oppvekstbøkene om gutegjengen frå Oslo. Barndommen tek aldri slutt, sjølv om vi blir eldre.
  • Verdsutstillinga i Paris år 1900: Tekstilkunstnar Frida Hansen sitt sju meter lange teppe De fem kloge og de fem daarlige jomfruer blir stilt ut for aller første gang. Så forsvinn det. Kva skjedde? Kvar vart det av? Og kven er eigentleg dei fem kloke og dei fem dårlige jomfruene? Den 8. mars 2025 gav forfattar Linn Ullmann seg sjølv 18 månader på å leite etter dei forsvunne jomfruene. På Kapittel fortel ho kva ho fann.

Går du denne løypa av programpostar, får du òg eit nytt blikk på samtida:

  • Finn Iunker og Ingrid Z. Aanestad har skrive ferske romanar om problematisk kjærleik.
  • Sverre Bjertnæs og Nikolai Torgersen uttrykkjer seg gjennom biletkunst og bøker. Dei møtest på Kapittel.
  • Det er aldri for seint for kjærleiken, slik Margreth Olin skriv om i sin nye roman.
  • Livet er ikkje rett fram og A4, i alle fall ikkje i Erlend Loe og Gunnhild Øyehaugs bøker. Høyr dei i samtale på Kapittel.
  • Få skildrar Noreg på 2020-talet betre enn filmskapar og forfattar Dag Johan Haugerud. Han ser og kjenner oss, og ser på alle våre feil og manglar med eit kjærleg blikk.
  • Jan Grue har vore på studieopphald i USA, og er uroa over det han opplevde. Han kjem til Kapittel.

Kjøp billettar

Onsdag 16. september, kl. 15:00, 4. etasje, Kiellandsenteret

Nytt blikk på Alf Prøysen: foredrag ved Bjørn Hatterud

Torsdag 17. september, kl. 12:00, Kinosal 1

Bokprat: Sverre Bjertnæs om Mine bilder og Morsdager

Torsdag 17. september, kl. 15:00, -1. etasje, Kjelleren

Romanse og destruktiv kjærleik: Iunker og Aanestad i bokprat

Torsdag 17. september, kl. 16:00, 1. etasje, Møteplassen

Å skrive om de dødes liv: Hilde Hagerup i samtale med Tore Renberg

Torsdag 17. september, kl. 17:00, Kinosal 1

Kunstnermøte: Nikolai Torgersen og Sverre Bjertnæs om skrivingen, kunsten og rusen 

Torsdag 17. september, kl. 18:00, 2. etasje, Voksen

Å forstå far. Emanuelsen og Hatterud i samtale

Fredag 18. september, kl. 11:00, Kinosal 5

Førti år med Vigdis Hjorth: Fra Fransk åpning til nasjonalskatt

Fredag 18. september, kl. 13:00, Stavanger domkirke

Margreth Olin: Med språk for kjærleik

Fredag 18. september, kl. 15:00, 2. etasje, Voksen

Portrett: Thorvald Steens liv i lufta, stolen og skriften

Fredag 18. september, kl. 18:00, Kinosal 1

Barndommen varer livet ut: Samtale om minner og skriving

Fredag 18. september, kl. 19:00, 1. etasje, Møteplassen

Livet er absurd! Øyehaug og Loe

Fredag 18. september, kl. 20:30, 1. etasje, Møteplassen

Vanlege liv, store drama: samtale med Dag Johan Haugerud

Lørdag 19. september, kl. 12:00, Kinosal 1

Klassikerlørdag: Vigdis Hjorth om Tove Ditlevsen

Lørdag 19. september, kl. 15:00, 2. etasje, Voksen

Retten til liv: Caspar Eric og Jan Grue i samtale

Lørdag 19. september, kl. 18:00, Kinosal 1

Linn Ullmann om jakten på de forsvunne jomfruene

Søndag 20. september, kl. 12:00, Litteraturhuset i Stavanger

Hva er et godt menneske?

Beklager, nå stoppet det litt opp her på nettsiden.. Last inn siden på nytt, er du grei 🗙