Hva leter du etter?
Marjam Idriss og Audrey Lorde foto Alf Simensen

Løype: Banebrytande tenkjarar

På Kapittel kan du høyre foredrag og samtalar som gir deg nye perspektiv på kjende forfattarar, kunstnarar og verk. Her får du høve til å utforske litteratur, kunst og idéhistorie i selskap med nokon av landets fremste formidlarar.

Kapittel gjer klok! Under Kapittel kan du lære noko nytt om noko gamalt. Ofte kritiserte i si eiga samtid, men no hylla for motet og kreativiteten sin.

Klassikarar med nye blikk

På Kapittel får du møte engasjerte formidlarar og forfattarar som tar utgangspunkt i kjende namn og verk, og viser kvifor dei framleis er aktuelle.

Blant høygdepunkta er Bjørn Hatterud sitt foredrag om Alf Prøysen og Vigdis Hjorth sitt møte med Tove Ditlevsen sin forfattarskap.

Tomas Gustafsson og Janne Stigen Drangsholt sin lesesirkel handlar alltid om klassikarar med tyggemotstand. På Kapittel diskuterer dei Demringen av Colette.

Litteratur som utfordrar

Korleis formar litteraturen måten vi ser oss sjølve og andre på? Få innsikt i forfattarskap som har utfordra etablerte sanningar og opna nye måtar å tenkje på. Bli betre kjend med Olga Tokarczuk sin fantastiske røyndom, Witold Gombrowicz sin nådelause samfunnskritikk, Audre Lorde si frigjerande tenking og Georges Bataille si utforsking av begjær, grenser og det overskridande.

Kunst, myter og fellesskap

Programmet rommar meir enn litteratur. Du kan lære om Kitty Kielland si rolle i sedelegheitsdebattane på 1800-talet, høyre foredrag om myta om Io eller delta i lesesirkel om Stefan Zweig sin tekst Sjakknovelle.

Dette er arrangement for deg som ønskjer å forstå meir, lese tettare og oppdage nye samanhengar.

Beklager, nå stoppet det litt opp her på nettsiden.. Last inn siden på nytt, er du grei 🗙