Konsert med Frøkedal & Familien på Kapittel
Frøkedal & Familien har gjort seg bemerka med sin særprega folkpop som står både rocken og folkemusikken nær.
7. juni kjem albumet STAY – ei musikalsk motgift mot reiselyst, rastløyse og nagande uro for å gå glipp av noko, om ein skal tru bandet sjølv.
Foto: Vidar Landa
Konserten på Tou Scene onsdag 18. september bør du derimot ikkje gå glipp av.
Her skal Frøkedal & Familien presentere nye og gamle hits i fullfamilie-format. Bandet vil, foruten Frøkedal sjølv, bestå av Olav Christer Rossebø (feler, mandola), Selma FrenchBolstad (feler, vokal), Erlend Ringseth (keys) og Elisabeth Mørland Nesset (trommer, vokal).
Kjøp billetter til konsert på Tou Scene.
Om albumet:
Med STAY har Frøkedal gravd djupt i heimlege musikalske skattekister, mekka allsong-rock og smelta reine popsongar saumlaust saman med asymmetrisk pols-rytmikk.
STAY handlar om dei som blir verande, om å våge å tru at det som kan gjere oss lykkelege kanskje ikkje er einannan stad–men nett her, nett no. Det er eit album om kjærleik og smerte, røter og fellesskap.
«Dette er Anne Lise Frøkedal på sitt mest kompromissløse, og på sitt beste, mest episke, rufsete og vakreste, hvor hennes egen gitar harver seg med skarpe strenger fra rockhistorien gjenom progrocken, countryen og americanaen og inn i den britiske 90-tallssfæren hvor man mer enn aner omrisset av en PJ Harvey på sitt mest rocka.» (Dagsavisens Geir Rakvaag om første single, Old Mistakes, karakter 6/6 )
Frøkedal & Familien har fått varm omtale i The New Yorker og The Sunday Times, har spelt live på BBC Radio 6 og mottatt to Spellemann-nominasjonar. Dei har også fått snuse på arenaformatet, som oppvarming for a-ha og Madrugada i Oslo Spektrum. Nyleg turnerte dei i England som special guests for skotske Teenage Fanclub.
Frøkedal & Familien har også laga songbok. Der skriv dei innleiingsvis: «Musikk er ei samlande kraft som, gir oss alle tilgang på det utvida spekter av kjensler, minne og visjoner. Derfor legg me her alle korta på bordet, slik at den som ønskjer det kan komme tettare inn på desse låtene–eller til og med spele dei sjølv.»