Arne Ruset
Arne Ruset skriv bøker for barn og vaksne.
Han fekk Norsk Litteraturkritikerlags barnebokpris i 1987 og Kulturdepartementets billedbokpris (samman med Anne Kristin Hagesæther) i 1999.
Ruset har studert psykologi, sosiologi og medisin, og har arbeidd i mange år som psykiater. Han har skrive bøker i fleire sjangrar: lyrikk, barnebøker, noveller og ein roman.