Heidi Marie Vestrheim
Heidi Marie Vestrheim er vokalist, låtskrivar, musikar og programleiar.
Ho driv sitt eige plateselskap BlueBox records, der ho har gitt ut fire soloalbum. Ho har også vore synleg i teaterscenen i Bergen (DNS, BIT) og har sidan 2008 jobba som programleiar i NRK både på Tv og i radio, mellom anna i Julemorgen (NRK Super), Ut av skapet (NRK1), Superbonden (NRK1), Reiseradioen og Lørdagsliv (NRK P1), Heidi Marie & Co.(NRK P13) og Tidenes Morgen (NRK P13).
Knølkvalen Kai, historia hennar frå Godnattboka (Skald) har blitt ei populær barneforestilling. Ho har gitt ut to Quizbøker på Aschehoug og bidratt i boka Barfot på Gyldendal Tiden, samt medvirka i boka Gay Kids – Kule barn som også finnes (Book and Exhibition).
Vestrheim spelar også i bandet hei kalas og studerer for tida ved Norsk barnebokinstitutt.