Hva leter du etter?
Boka Feltnotater fra fotball-VM av Brede Hangeland holdt foran en grønn vegg

Skriv meir, Brede!

Les kva som skjedde då ein introvert, irritabel perfeksjonist levde i eit 40 grader varmt, trykkande mediesirkus i 47 dagar.

For oss framfor skjermen var fotball-VM kjensler. For spelaransvarleg Brede Hangeland var det jobb. Boka hans fortener eit stort publikum, og kan lesast på mange måtar.

Introvert i ekstrovert-inferno

Feltnotater fra fotball-VM: 47 dager på innsiden går føre seg i tida frå den norske troppen blir samla på forsommaren, til heimreisa etter kvartfinalen mot England.

Det er kontrastane mellom Hangelands personlegdom og den daglege halloien rundt det norske VM-laget som gjer boka interessant. Begeistringa over laget sine gode prestasjonar får godt selskap av jamleg irritasjon over stort og smått. VM er det største idrettsarrangementet i verda, men jobben til teamet rundt spelarane er å prøve å halde det ute.

Eit sjølvportrett

Brede Hangeland blir dregen mellom alle slags viljar, og gjer det han kan for å verne om eigen energi og ikkje minst laget. Boka er ein studie i det å fokusere og bruke kreftene rett. Ofte handlar det om å samle krefter åleine, og det er han god til.

Som alle bøker er denne òg eit sjølvportrett. Brede Hangeland har teke med seg tankesettet frå eigne spelardagar over på trenarbenken. Vil du bli ei meir handlekraftig utgåve av deg sjølv, skal du kjøpe denne boka og lese ho med gultusjen i handa. Brede Hangeland er ein strålande motivator, som dessutan har ordet i si makt.

Skriv meir, Brede!

Beklager, nå stoppet det litt opp her på nettsiden.. Last inn siden på nytt, er du grei 🗙