Hva leter du etter?
Boka Berre bønder lengtar heim av Are Kalvø holdt foran en hullete vegg

Gøy på landet, endå gøyare i byen?

Are Kalvø freistar å kåre ein vinnar i den klassiske konflikten mellom by og land i "Berre bønder lengtar heim".

Han budde ein månad i Norges minste kommune, Utsira. Deretter budde han ein månad i London. Kvar er livet best?

Deltakande observasjon

Are Kalvø har sine vekttal (i tullefag, som han understrekar fleire gonger) frå universitet, men boka er heilt fri for fotnotar og henvisningar til offentlege utgreiingar om distriktspolitikk og byproblem.

Kalvøs forskingsprosjekt kviler tungt på deltakande observasjon på Utsira og i London, og personlege historier frå eit liv i utkant og urbanitet.

Kvardag på Utsira

Det er vanskeleg å skrive om nesten ingenting, og ein dårlegare skribent enn Kalvø ville ha slite med å fylle 280 sider om livet på Utsira.

Der handlar det om den eine butikken. Vegen. Gamleskulen. Puben. Bilbruken. Hemmelege opningstider. Fem kattar. Vindskalaen. Magnhild Meltveit Kleppas veg. Vinden. Dartkasting. Draumen om å bli invitert på privatfest. Kalvø hentar desse ingrediensane ned frå hylla igjen og igjen, og lagar komikk av haldepunkta i Utsira-tilveret hans.

Undervegs snur han opp-ned på mange inngrodde fordommar om både byliv og landliv. I London er det berre å kikke ut vindauget for å få noko interessant å skrive om, men er det sikkert at livet i storbyen byr på så mykje meir variasjon enn livet på landet?

Og eg lo!

Ein kynisk lesar vil innvende at denne boka kunne hatt tittelen Are Kalvø bur ein månad på Utsira og ein månad i London og skriv om kvardagslivet sitt der. Banebrytande er boka ikkje, men eg er ei enkel sjel frå byen (som har budd på bygda): Viss ei bok får meg til å le høgt og ofte, og samstundes får meg til å tenkje meir enn eg gjorde før lesinga, så er eg godt nøgd.

Under: Eigne bilete frå Utsira og London. Eg trur du ser kva som er kva.

Utsikt fra høyde på Utsira foto Åsmund Ådnøy
Utsikt mot Themsen i London med St. Pauls cathedral til venstre

Lån på Sølvberget

Beklager, nå stoppet det litt opp her på nettsiden. Last inn siden på nytt, er du grei 🗙