Hva leter du etter?
Frode Grytten

Plateprat med Frode Grytten

Musikkbibliotekar Olav Nilsen slår av en prat med Frode Grytten.

Hei!
Om noen spanderer i baren, hva drikker du?
Øl, tenker eg umiddelbart, eg tenker på øl, heilt umidderlbart tenker eg på øl, ja, tenker på øl, men er det nokon som spantar øl i baren, då? Det er det jo ikkje.

Beskriv deg selv med minst fem ord
Eg. Veit. Ikkje. Eg. Altså.

Om du skulle valgt et pseudonym/artistnavn?
Frodello Viking Evensen Peppi Magic Soleglad Slagstad Hei Hei

Hvis du en dag skriver selvbiografi, hva skal den hete?
Brenn mine brev, eg tar ikkje nasjonalt ansvar

Om du ønsker å få folk ut på dansegulvet, hvilken låt spiller du?
"There was a Time" med James Brown (eller "Madan" med Salif Keita).

Hva er ditt forhold til Bibliotek?
Eg voks opp på Odda offentlige bibliotek, krimavdelinga
Der ingen kunne tru at nokon kunne bu

Fem favorittalbum?
David Sylvian: Brilliant Trees

Talking Heads: Remain In Light

Van Morrison: Veedon Fleece

The Smiths: The Queen Is Dead

Joni Mitchell: Hejira

Fem favorittlåter?
Gillian Welch: "I Dream A Highway", David Bowie: "Heroes", George Harrison: "All Things Must Pass", The Waterboys: "This is the Sea", Robert Wyatt: "Shipbuilding", Sun Kil Moon: "Lost Verses", Bjørk: "Play Dead", Lori McKenna: "When You're My Age", Peter Gabriel: "Mercy Street", Nick Drake: "Northern Sky"
(Fem sa du? Ja, ta vekk eit par sjølv, då, lykke til med det.)

Hva har du hørt på de siste dagene?
ØXN: CYMR (fantastisk debutplate, irsk dronefolk)

Oliver Sim: Hideous Bastard

Everything But The Girl: Fuse

Bob Dylan: The Complete Budokan 1978

Peter Gabriel: i/o (alle songane frå nyeplata)

Sun Kil Moon: Ghosts of the Great Highway (flott plate, då)

Undervurdert plate?
The Blue Nile: Hats
Ikkje eit ord til nokon, vil helst ha den plata for meg sjølv, eller vi som er Blue Nile-fanatikarar, vi vil helst ha ho heilt for oss sjølv, men for ei plate, nydelig, stillfarande med eit emosjonelt trøkk, ho er ikkje så undervurdert heller, det er så mange som elskar den plata, og ho blei kåra til den beste skotske plata av skottane sjølv.

En klassiker som du aldri har forstått deg på?
The Doors: The Doors, jo, jo, eg forstår meg jo på det der, og etterkvart ser eg med litt milde auge på Jim Morrison, men, nei, eg taklar det ikkje heilt, bra band, bra plate, bra låtar, men eg får det bare ikkje til, sorry.

Tre favorittplatecover?
The Clash: London Calling (Paul Simonon med bassen, blir ikkje betre)

The Velvet Underground & Nico: The Velvet Underground & Nico

Patti Smith: Horses (ohh!)

Peter Gabriel: Peter Gabriel (første soloalbum, det med bilen, nydelig)

Björk: Debut (så fint, då)

Miles Davis: Bitches Brew (oi, oi, for eit cover)

(blei det fire, ja? fem? jaja, så blei det fem, då, eller seks)

Samler du på plater? Hvorfor?
Ja, eg gjør vel det, det er jo litt rart å spørje korfor? Korfor ikkje? Det er liksom å spørje: Driv du og pustar, du? Du er ein sånn som pustar?

Hva er den viktigste forskjellen fra da du begynte å samle på plater og hvordan det er nå?
Platebutikkane forsvann, eg saknar dei, både butikkane og dei som stod der, sånne folk som du kunne diskutere musikk med, få tips av og vere rykande ueinig med.

Favoritt blant fysiske platebutikker?
Apollon, Bergen

Sist kjøpte plate?
Sufjan Stevens: Javelin

Ditt beste platekjøp noensinne?
David Sylvians Weatherbox, eg hadde ikkje råd til den boksen på det aktuelle tidspunktet, heldigvis ga eg blaffen og slo eg til, ei livslang glede (og no ser eg at prisen har firedobla seg, du får kjøpt boksen brukt, men til høg pris).

Tre plater som er på toppen av din Wantlist?
Nokre dyre plater, plater som kan bli endå dyrare, eller kanskje ikkje, kanskje nokre bootleg-plater med greier spelt av favorittar, ting eg endå ikkje har hørt. Eller:

Peter Gabriel: i/o

Damien Jurado: Passing the Giraffes

Sinikka Langeland: Wind and Sun

Den beste gitarsoloen som noen gang er spilt inn?
Eg er ikkje så glad i gitarsoloar, eg er ein livslang beundrar av Johnny Marr som så godt han kan, unngår å spele gitarsolo, det synest eg er tøft, hør på Electronic (Johnny Marr og Bernard Sumner) og på songen "Forbidden City", der er det lagt opp til ein gitarsolo, men Johnny Marr bare liksom skulkar, skyr unna på merkelig, elegant vis. Og så spelar han så fin rytmegitar på resten av det albumet, slik han har gjort på mange plater.

Om du måtte velge:
Penger vs. Berømmelse = Moneypengar
Talent vs. Flaks = Talent, så klart
By vs. Bygd = Åååå, nei og nei, må eg svare? Bygd, nei by, nei bygd, ok: by. Eller bygd?

Favorittsanger på dialekt (ikke din egen dialekt)?
Lars Vaular: "Når eg kommer hem"

bob hund: "Upp, upp, upp, ner"

The Aller Værste: "Dans til Musikken"

John Olav Nilsen & Gjengen: "Eurosport"

King Creosote & Jon Hopkins: "Bats In the Attic"

Säkert: "Det ska hända dig"

Rasmus Og Verdens Beste Band: "Regn"

The Proclaimers: "I'm Gonna Be (500 Miles)"

Wannskrækk: "Æ veit da faen æ"

Stein Torleif Bjella: "Tre viku"

Den beste tekstforfatteren? (Din favoritt)
Det er vel her eg skal svare Bob Dylan, han har jo fått Nobelprisen og greier, og sjølvsagt kunne eg ha svart Joni Mitchell, det kunne eg ha gjort, elskar ho, også tekstane hennar, dei er suverene, men eg svarar Morrissey, eg, sjølv om det går litt opp og ned med han karen no, i litt eldre utgåve er han gjerne ikkje like skarp som han var, men for nokre tekstar han skreiv då han var med i The Smiths, den gong han utvida rammene for kva ein songtekst faktisk kan vere.

Favoritt film/TV-serie?
Eg vil slå eit slag for Yi Yi av Edward Yang, folkens. Nydelig film, sjå han.

Den beste filmen eg har sett det siste året er R.M.N av Cristian Mungiu, fabelaktig film.

Mest glede har eg hatt av italiensk film, Sorrentino og Fellini og Antonioni og Bertolucci og Olmi og Tornatore og Visconti og De Sica. Går for La Grande Bellezza av Sorrentino som favoritt.

Vinyl, CD, Kassett eller Strømming. Hva foretrekker du?
Jatakktusentakk til alt, eller kassettar, vel, nei takk, kva var poenget med kassettar, jo, eg forstår poenget, men kva var poenget, eigentlig? Det var bare tull med kassettar.

Er du en lyd freak/audiofil?
Nei, ikkje i klassisk forstand, men eg fikk litt pengar uventa rett i fanget i 1999, og dei brukte eg til å kjøpe meg eit skikkelig godt anlegg som eg framleis har kjært.

Hva spiller du musikk på hjemme?
Vinylspelar og cd-spelar, spelar av frå datamaskina mens eg jobbar.

En mixtape/spotifyliste for å hylle kjærligheten, hvilke tre låter må være med?
Patti Smith: "Frederic"

The Smiths: "Last Night I Dreamt That Somebody Loved Me"

Bruce Springsteen: "New York City Serenade"

Hvilke tre plater har påvirket/inspirert deg mest de siste tre årene?
Ryuichi Sakamoto: The Revenant

Big Thief: Dragon New Warm Mountain I Believe In You

Erland Cooper: Sule Skerry

En bra spilleliste du vil dele, hvorfor?
Å, eg har så vondt i hovudet, paracet, anyone?

Musikkbøker som du vil anbefale og hvorfor?
Geoff Dyer: But Beautiful, heilt fantastisk samling av ein slags dramatiserte essay, eller små noveller om jazzens store utøvarar, got tenkt, godt skrive, godt å lese.

En roman som gjorde inntrykk på deg?
Siste var Pedro Carmona-Alvarez sin Chiquitita, det er jo sikkert inhabilitet inne i bildet her, men den romanen var veldig god, eg var emo gjennom heile siste delen.

Sakprosa du vil anbefale?
Dette har lite med musikk å gjøre, men eg las A Thread of Violence av Mark O'Connell, om eit irsk dobbeltdrap på åttitalet, forfattaren oppsøker overklassemordaren Malcolm Macarthur og rullar opp ei fascinerande historie og eit tidsportrett av ein by og ein nasjon, boka er altså så utrulig godt skrive, slik at ho går langt, langt forbi dei der traurige true crime-greiene, alle vil ha glede av å lese ei så god bok.

Favorittsitat?
"Eg har ikkje traiet han" (Fjorden Baby om ein kebab som dei bare måtte prøve i staden for å avhalde planlagt lydprøve)

En favoritt musiker?
Miles Davis. Miles Davis, heilt opplagt.

Minneverdig musikkøyeblikk?
Då eg såg Shane MacGowan komme ned trappa på Gresham Hotel i Dublin, med ein vodkadrink i handa, klemme foreldra som ventar i resepsjonen, gå ut dørene, gå midt gjennom paradegata i Dublin, O'Connell Street, midt ute i gata, sjagande, vaklande, til heiarop frå alle bilistar som gjenkjenner sin helt, før han går rett inn i spelelokalet 500 meter lenger oppe, rett inn frå gata og ut på scena, ropar: "Where the hell are we?" og bandet ropar: a one two three four, og KABOOM.

Foto: Magnus Manske / Wikipedia

Hvilken konsertopplevelse kommer du aldri til å glemme?
Tom Waits, Konserthuset i Oslo, 28/10 1985
Peter Gabriel, Kalvøya, 30/8 1987
Bruce Springsteen, Drammenshallen, 5/5 1981
The Waterboys, Oleana, Bergen, 1/6 1986
The Blue Nile, Glasgow Concert Hall, 11/7 2008
Nick Cave and the Bad Seeds, Oslo Spektrum, 16/10 2017
Kraftwerk, Oslo Operahus, 5/8 2016
The Clash, Scandinavium, Gøteborg, 15/5 1981
Miles Davis, Grieghallen, 26/10 1987

Favorittfestival?
Litteratursymposiet i Odda

Hvor vil du reise for å oppleve musikk?
Fanafjellet. Nei, eg veit ikkje, eg. Månen, kanskje? Konsert med bob hund på månen, symfoniorkester og bob hund i storslag, Thomas Øberg som klatrar opp i ein stige og rear ut sin själ med lite gravitasjon.

Drømmejobb nå og da du var 13?
Eg har drømmejobben, eg, å skrive, det er jo perfekt, då eg var 13 drømte eg om å bli fotballdommar. Tru det eller ei. Men dette var før VAR.

Foto: Wikipedia

Har du noen hobbyer eller interesser utenom musikk?
Har eg det? Ja, det har eg. Kjem eg til å røpe det? Nei, det gjør eg ikkje. Men det involverer mykje rus og sterke opplevingar. Nei, eg liker å teikne, eg har tenkt å ta det opp igjen, teikne litt meir, eg saknar tekninga, ho forsvann meir eller mindre då eg tok til å skrive.

Hvordan tror du dine venner oppfatter din musikksmak?
Som heilt ekstraordinært fantastisk, som den beste nokongong.

Er det en musikksjanger som du gjerne skulle brukt mer tid på?
Ja, den sjangeren som heiter "suveren ny musikk som du endå ikkje har fått med deg, der du sit med dei gamle platene dine, din fjompenisse", men kvar finn eg all den musikken, då? Gi meg svar, gi meg lys, gi meg mot.

Om du kunne ta med deg en person på en øde øy, hvem/hvorfor?
Då hadde det blitt David Sylvian, eg skulle ha lokka han til å lage eit par nye plater (mens eg hørte på), Sylvian kan ikkje slutte å synge, det blir for dumt, eg skulle ha lokka han til å synge endå litt til, det hadde blitt ein fin tur og eit par nydelige plater.

Hvor gammel var du når du «oppdaget» musikken og hva gjorde at du ble hekta?
Det var far min som kjøpte ein platespelar då eg var 12-13 år gammal, han kjøpte også to plater,

kanskje han fikk dei med på kjøpet, hugsar ikkje heilt, James Last var eine og andre var Herb Albert & His Tijuana Brass, sterke saker,

eg fann ut at her må eg ta ansvar, dette går rett og slett ikkje an, så eg kjøpte for mine eigne pengar: Goodbye Yellow Brick Road, den doble plata til Elton John, kjøpte ho nede på Domus, sikkert på LP5, det var mitt aller første platekjøp, der var eg god, må eg seie, den plata held seg godt, trur eg må spele ho no med ein gong.

Hva slags musikk hørte du på i ungdomstiden?
Ja, alt mulig, eigentlig, eg hørte på det eg kom over, snubla rundt, rota rundt, Rod Stewart, Roxy Music, David Bowie, Pink Floyd, King Crimson, Yes, Springsteen, Dylan, Joni Mitchell, så kom pønken, Sex Pistols og Clash og The Aller Værste og Kjøtt, og så kom nyveiven, Talking Heads og Patti Smith og Blondie og Specials og The Jam og Joy Division og og og ...ja, det var tider, du, Tollef til Ingeborg.

Har musikksmaken din endret seg?
Ja, no kan eg til og med høre på køntri (lyrics, man, lyrics), og så hører eg på elektronika, Loscil og Jon Hopkins og Poppy Ackroyd og Julia Kent, og så hører på jazz, slettetid, The Necks, fin trio frå Australia, og klassisk også, eg har til og med lagd eit samtidsmusikk-verk saman med Knut Vaage og Bergen Big Band, Røter, det kjem på plate neste år, tenker eg.

Hvilken plate kan du fremdeles sette på når du er lei av musikk?
Robert Fripp sine fantastiske lydskisser på Music For Quiet Moments, det er så fint og så vakkert og så utrulig godt spelt.

Et musikalsk tiår som du ville reise til om du hadde en tidsmaskin?
Då hadde eg reist til åttitalet og hørt Talking Heads spele.

Er du nostalgisk?
Alle seier det, men eg er ikkje det.

Er det noe du har lyst til å lære deg?
Italiensk. Og synge. Eg kan ikkje synge, det er ei sorg i livet ikkje å kunne synge.

Den best kledde musikeren?
Nick Cave & Warren Ellis (same skreddar?)

Er du forfengelig?
Ja, litt, ikkje mykje, men eg hatar å sjå meg sjølv i opptak, eller høre meg sjølv på radio, så det er vel ein type forfengeligheit, det.

Har du en tatovering du ønsker å vise?
Kom innom her heime, så skal du få sjå, eg har fleire, men dei er hemmelige, på hemmelige stader, så det er bare å stikke innom, då skal dører opne seg, fjell opne seg, kjeldor skal springa, og vi skal gli inn på ein våg full av tatoveringar. (Nei, eg har ingen.)

Er du en maksimalist eller minimalist?
Eg er 69% minimalist, etter klokka 2100 er eg maksimalist, eller eigentlig ikkje, eg blir meir og meir minimalist utover dagen, til slutt er det bare eitt knekkebrød og ein kjeks med Kornmo som skal til, og ein syltynn fotballkamp mellom to lag som er så mentalt ustabile at eg må spele noko musikk eller lese avisa og så er den dagen over, i minimalismens teikn.

Er du introvert eller ekstrovert?
Dagens lettaste spørsmål: eg er introvert, skulle ønske det ikkje var slik, folk trur eg er arrogant og sleip og uinteressert, men eg er introvert, og eg er veldig interessert, altså, bare gi meg litt slakk og gi meg litt tid, så er eg der.

Er du A eller B-menneske?
A, heilt definitivt, klokka 2300 visnar bodyen min vekk, han går i kvilemodus og så er det over, takk for i dag, thankju and goodnight.

Mental alder?
64.

Hva begeistrer deg?
Ny dyffelcoat.

Hva er du redd for?
Å miste minnet, å vere ute av stand til å skrive, elles er eg ikkje redd for noko. Jo, litt for kloden, vi må ta oss saman.

Har du hatt en interessant drøm i det siste? Om hva?
Eg drømte at Erna Solberg måtte på do, ho gikk på do og kom aldri tilbake, ho blei sitjande der og spele Candy Crush på mobilen, det var eigentlig ingen som sakna ho heller, ingen som spurte kvar det var blitt av Erna, bare ein i sentralstyret i Høgre: "Kvar er Erna?" spurte han, og alle trekte bare på skuldrene, men etter mange tiår kom Erna faktisk tilbake frå do, og så spør ho: "Har dere savnet meg?" Og alle bare: "What"??

Favorittdyr?
Ekorn.

Foto: Markus Krötzsch / Wikipedia

Favorittmat?
Italiensk (eg er kjedelig i matvegen, men altså, sånne matgreier, komigjen)

Favorittsport?
Fotball, finst det andre idrettar også no?

Foto: Wikipedia

Favoritt kjøretøy/transportmiddel?
Bybanen i Bergen

Din livsfilosofi?
Ikkje legg bananar i kjøleskåpet

Har du et forhold til religion?
Hei, eg voks opp i Odda.

Foto: Odda Smelteverk, fotografert 1927 Av Anders Beer Wilse.

Noe som du irriterer deg over?
Eg irriterer meg over politikarar som tenker at dei kan tilgi seg sjølv og bare gå vidare i livet og politikken på veldig, veldig, veldig tynt grunnlag.

Noe du angrer på?
At eg la dei bananane i kjøleskåpet.

Foto: Wikipedia

Hvilket forhold har du til musikkjournalistikk?
Det var min viktigaste tilgang til musikken, den gongen NRK ikkje orka å spele slikt som dei må ha tenkt på som forferdelig og øydeleggande, det var ingen andre sikre kjelder til kva som kunne vere aktuelt å høre på, Nye Takter, Puls, engelske blekker, eg slukte alt saman, las alt saman, skulle ha tatt vare på dei, men eg kastar eigentlig alt, ikkje plater då, men alt anna, ikkje bøker, då, men alt anna.

Hvor oppdaterer du deg på musikk?
Litt på nett, og litt i blader og sånn, då. Har vennar som tipsar meg om musikk som dei likar, det er ein fin ting.

Leser du musikktidsskrifter, hvilke? Papir eller skjerm? Nettsteder om musikk som du besøker ofte?
Eg les vel Mojo og Uncut fast, eg er ein utdøyande rase, har brukt altfor mykje pengar på å lese dei same artiklane om og om igjen, men eg likar det også, trygt og godt og suverent, elles er eg innom Pitchfork daglig, og lokar litt rundt her og der.

Har du noe forhold til Platebransjen?
Nei, det har eg ikkje.

Har du noen personer som har vært viktig for din musikksmak?
Det må vere vennar, heilt frå ungdommen, eg blei venn med dei få på skulen som var genuint opptatt av musikk, vi bytta plater og så reiste vi på konsertar saman, dei likte progrock, så eg likte litt progrock eg også, eg likte pønk, så likte dei litt pønk dei også, så blei eg venn med Torvald, og vi likte Springsteen, ja, vi var gale etter Springsteen, den gong Springsteen framleis var Springsteen, så vennar har vore viktig, slik er det vel framleis, eg blir påverka av vennars smak og tips og speling av gode songar og gode album, det er ein fin ting i eit vennskap, å snakke om musikk og dele dei gode songane.

Ditt forbilde, eller en mentor som du har lært noe spesielt av?
Ryuichi Sakamoto, 坂本 龍 han er ikkje akkurat ein mentor, men å gå gjennom livet på slikt vis, klokt og audmjukt og raust, skulle gjerne ha gjort det slik sjølv, men eg er ikkje god nok eller raus nok eller smart nok, jobbar med det, då

Foto: Wikipedia / Joi Ito

Hva inspirerer deg?
Å setje seg ned, ta det med ro, ikkje tenke på alle verdas ting, som å svare på lange, lange platepratar, sjølv om dette er veldig kjekt, då, ikkje misforstå, eg gjør jo heller dette enn å skrive det eg burde skrive, men inspirasjon, som Nick Cave sa det: Setje seg ned.

Favorittinstrument?
Piano, eg likar godt lyden av piano.

Favorittprodusent?
Brian Eno.

Favorittstudio?
ABC Studio, Etne. Eg har aldri vore der, men eg skal der snart, vi skal spele der med bandet vårt, elles må eg helse til mine vennar oppe på Giske, fine folk, fint studio.

Favorittplateselskap?
Real World Records.

Beste/fineste sangen til en begravelse?
The Flaming Lips: "My Cosmic Autumn Rebellion" (spel han i mi gravferd)

Er det en musiker eller band som har fått altfor lite oppmerksomhet?
Ja, det er det jo. The Sundays var eit bra band, med sin fine ringlegitar og flotte vokal frå Harriet Wheeler, og Lush, nydelig band, dei likar eg godt, og så burde alle høre på Beth Orton og Beth Gibbons, dei to Beth-ane får vel ganske mykje merksemd, men dei er så gode at eg vil seie at dei fortener endå meir merksemd. Og Sinikka Langeland, dei siste platene hennar, oi oi. Og Hannah Peel, hør på den plata hennar som heiter The Unfolding, yeah!

Har du noe du vil spørre deg selv om?
Ja, eg må spørje meg sjølv: "Er det noko som er for alvorlig til å spøke med, Frode Grytten?" Og til det vil eg svare: Alvorlig talt, kva slags spørsmål er det, har du ikkje betre spørsmål enn det der? Jo, det har eg forresten, hør: "Heimen din står i brann, etter at du har redda ut folk og dyr, så har du tid til å redde ein einaste ting, kva ville det ha vore, og korfor, Frode Grytten?" Ja, men alvorlig talt, er dette noko du har funne på internettet? Ja, det er det, eg fann det på nettet, det var ei sånn side med spørsmål for at ein skulle komme nærmare kvarandre, hoppe over småparten og bli betre kjent med kvarandre. Helledussen, bare få deg eit liv.

Hvem burde jeg ha neste plateprat med?
Den skal du ha med sonen min, David, han er produsent og dj, han er med i Hester V75,

han var fyren som fullførte den flotte Notoriske B.O.G. som var avdøde Vågards debutplate, han er ein bra son og har ein musikksmak som gjør ein far stolt.

Samtale mellom Eirik Bø og Frode Grytten

Beklager, nå stoppet det litt opp her på nettsiden. Last inn siden på nytt, er du grei 🗙