Klassikeren: Lausgjengar av Fumiko Hayashi
Korleis var livet som kvinne i 1920-tallets Japan?
Fumiko Hayashi si dagbokaktige skildring frå Japan i mellomkrigstida er - klisjé-alarm - påfallande moderne i forma. Nauda er stor, men det tek ikkje humøret frå forteljaren. Lausgjengar vart ein stor suksess då boka vart utgjeven i Japan i 1930. Nyleg kom boka på norsk i praktutgåve frå Skald forlag.
Til liks med fleire andre klassikarar, handlar Lausgjengar mest av alt om det brennande ønsket om å bli forfattar, og vegen dit.
Høyr podcasten: