Er dette dei beste bøkene 2000-2024?
Med i konkurransen er også bøker som er eldre, men ikkje har vore omsett til engelsk og utgjevne i USA tidlegare.
Resultatet er i to lister med 100 bøker i kvar og det er både engelskspråklege og omsette bøker på begge. Mange av bøkene figurerer på begge listene, men det er ulikt korleis forfattarane og lesarane har rangert dei.
Listene mangfoldige på mange slags vis: Forfattarane si liste inneheld fleire bøker som er omsette frå asiatiske, europeiske og latinamerikanske forfattarar, jamvel ei norsk! Ikkje uventa er det vår nyslåtte nobelprisvinnar Jon Fosse si Septology, den er å finna på 78. plass.
Copenhagen trilogy Tove Ditlevsen er på 70. plass. Elles er det ingen andre nordiske forfattarar på lista.
Forfattarane si liste
Dei tre fyrste bøkene på forfattarane si liste er også likt av lesarane, og faktisk er to av tre av dei skrivne av europeiske forfattarar.
Forfattarane si topp 3-liste:
My brilliant friend (1) av Elena Ferrante
The warmth of other suns av Isabel Wilkerson (ikkje omsett til norsk)
Wolf Hall av Hillary Mantel (Ulvetid på norsk)
Wikipedia har heile lista her heile lista her.
Søkjer du i vår katalog, vi du finna over halvparten av bøkene enten på norsk eller på engelsk.
Lesarane si liste
På lesarane si liste finn ein også barne- og ungdomslitteratur: Harry Potter and the deadly Hollow av J.K. Rowling er på 73. plass og Hunger games av Suzanne Collins er på 56.
Dessutan er det fleire titlar innan fantasysjangeren her og meir feelgood. Og her kom det inn ein svenske med eit nødskrik. På 100. plass finn me En mann ved navn Ove av Fredrik Backmann. Ein relativt fersk nobelprisvinnar finn me også blant lesarane sine favorittar: Olga Tokarchuk si Før plogen over de dødes knokler.
Dei tre fyrste på lesarane si liste er alle amerikanske, og det er berre vinnaren som også er å finna på forfattarane si liste.
Lesarane si topp 3-liste:
1. Demon Copperhead av Barbara Kingsolver
2. All the lights we cannot see av Anthony Doerr
3. A gentleman i Moscow av Amor Towles