Skinliv av Oda Malmin
"For kven er vi til sjuande og sist, i eige og andres blikk?"
Det er noko av det Skinliv av Oda Malmin sirklar seg inn på.
Me får innblikk i liva til fire personar i ein bygård i Oslo. Det er i det indre psykologiske dramaet spenninga ligg. Korleis personane ser seg sjølve står i sterk kontrast til korleis naboene oppfattar dei.
Alle slit med sine ting. Særleg studenten Astrid, som slit med angst, gjorde inntrykk. Det er ei litt urovekkande stemning i boka. Og vekslinga mellom karakterane gjev godt driv. Personane vart verande i tankane etter endt lesing.
Korleis går det med dei videre?